– Bønder har mindre makt med Sp i regjering
Bøndene misser makt, og forhandlingane med staten har vorte mindre reelle etter at Senterpartiet kom til makta, meiner forfattar Svenn Arne Lie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mindre bonde- makt med Sp
Svenn Arne Lie får støtte frå Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
Lie er forfattar av debattboka «En nasjon av kjøtthuer» som kom ut tidlegare i år. Han har vore landbruksforskar og er no rådgjevar i Fagforbundet.
– Det er svært tette band mellom leiinga i Bondelaget, samvirka og Landbruksdepartementet. Dei siste 30 åra har departementet brukt jordbruksforhandlingane til å presse gjennom sin politikk via organisasjonane til jordbruket. Organisasjonane har enda opp i ein situasjon der dei blir pådrivarar for ein jordbrukspolitikk som byggjer ned norsk matproduksjon, seier Lie til Klassekampen.
LES OGSÅ: Folket støttar bøndene
Lie meiner forhandlingane har vorte endå mindre reelle med Senterpartiet i regjering.
Leiar i Bondelaget, Nils T. Bjørke, ser ingen alternativ til ordninga ein har i dag.
– Eg trur forhandlingane fører til at vi finn dei beste løysingane. Ein kan alltid diskutere forbetringar, men samanliknar vi med andre land er det ikkje noko system som er betre enn det vi har. Det er ein gong slik at norsk landbruk er ei politisk næring, og det er politikarane som bestemmer til sjuande og sist, seier Bjørke.
LES OGSÅ: – Mindre matjord blir bygd ned
Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Merete Furuberg er også kritisk. Ho meiner det må bli betre maktbalanse mellom partane.
– Forgjengarane mine fortel at forhandlingane var meir reelle før. Då hadde bøndene tilgjenge til Statsministerens kontor. No er sluttsummen opplesen og vedteken, og nøkkelen er kasta. Då er det ikkje reelle forhandlingar, seier ho. (©NPK)