Målt per produserte krone, såkalla utsleppsintensitet, gjekk utsleppa ned med 3,5 prosent frå 2010.
Det er første gong sidan 2005 at klimagassutsleppa har gått ned i eit år med økonomisk vekst, viser førebels tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
SSB fortel at utsleppsintensiteten i 2011 var historisk låg. Ein av grunnene til nedgangen er at ein stor del av den økonomiske veksten kom i dei lite utsleppsintensive tenesteytande næringane i fjor. Men også industrien, transportnæringa og olje- og gassutvinninga hadde reduserte utslepp i høve til produksjonen i 2011. (©NPK)
Les òg: Klimautsleppa gjekk ned i 2011