Ljost kjøt i staden for mørkt kjøt

Den mest effektive måten å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er ved å redusere kjøttproduksjonen frå drøvtyggarar, hevdar forskarar.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det mest slåande i gjennomgangen vår er den skilnaden det gjer om bøndene får løn for karbonlagring eller ikkje. I tilfellet med karbonlagring blir produksjonen lagt over i meir landintensiv retning. Konsekvensen for den samla jordbruksproduksjonen blir mindre, men kosthaldskonsekvensane blir større: Ljost kjøt blir dominerande i høve til mørkt kjøt, og vi vil ete meir planteprodukt, skriv Ivar Gaasland og Erling Vårdal frå Institutt for økonomi ved UiB til Cicero.

Norsk jordbruk står for åtte prosent av dei norske klimagassutsleppa. Samstundes står det kun står for knappe 1 prosent av verdiskapinga.

Klimagassutsleppa i norsk jordbruk
Metanutslepp frå drøvtyggarar står for cirka 40 prosent av utsleppa, medan handsaming av gjødsel står for 24 prosent. Nytte av kunstgjødsel, karbonutslipp ved pløying og drivstofforbruk står kvar for om lag ti prosent. Fordelar vi karbonutsleppa på ulike driftsformer, finn vi at aktivitetar basert på drøvtyggarar (mjølk, storfe, ungdyr, sauer og geiter) står for ikring 80 prosent av dei totale utsleppa frå jordbruket. Mjølk og storfe står for så mykje som 65 prosent.

Prøv vår Landbruksquiz!

Anna fôr?
Om ein er interessert i å redusere klimagassutsleppa i jordbruket, er det altså all grunn til å rette søkelyset mot driftsformer basert på drøvtyggere. La oss ta mjølkekyr som døme. I Noreg har det vore ein uttalt politikk å ha høy grovfôrandel. Men dette har i klimasamanheng fleire ulemper. For det første blir metanutsleppa frå den einskilde kua større jo meir grovfôr kua et. I tillegg blir yteevna til kua påverka negativt. I Noreg er det slik at mjølkekyrne mjølkar 25 prosent under genetisk kapasitet. Ved å auke mjølkeproduksjonen per ku og nytte meir kraftfôr, kan klimagassutsleppa per produsert eining reduserast med cirka sju prosent.

Les òg: Minkande matjord skal fø på fleire

Skogplanting bør honorerast

Om bøndene får drive med skogplanting, og blir honorert for dette ved at dei får utbetalt 300 kroner per tonn CO2-ekvivalentar som blir lagra, vil landprisane auke, slik at bøndene må satse på meir landintensive teknikkar. I dette tilfellet vil reduksjonen i jordbruksproduksjonen bli mindre enn i det føregåande tilfellet. Men sidan jordbruksarealet har gått ned, vil klimautsleppa per hektar auke. Kjøttproduksjonen basert på drøvtyggarar blir betydeleg redusert, medan korn- og planteprodukt går mindre ned.

Les òg: Mindre matjord blir bygd ned