Litteraturfestival for dårlege på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskrefs til litteraturfestival

Det er litteraturkritikarane Guri Fjeldberg og Petra Helgesen som på vegner av Barnebokkritikk.no har gått gjennom programmet på Pegasus, barne- og ungdomsdelen av Nordens største litteraturfestival som går av stabelen på Lillehammer i månadsskiftet mai-juni, og dei har funne at det er særdeles lite nynorsk på programmet dette året. Deira oppteljing viser at i 48 postar er dei nynorske innslaga avgrensa til forfattarane Hans Sande og Magnhild Bruheim som skal vere på Barnebokbar, der dei delar tida med tre bokmålsfolk og ein danske. Magnhild Bruheim skal også vere med ungdommane på Bingo'n til programposten «Med blod på hendene». Dei reknar dette om til ein og ein tredel programpost på nynorsk, eller 2,7 prosent av heile programmet.

– Vi minner også om Uprisen, ungdommens eigen bokpris, som under festivalen blir delt ut for sjette gang. Tre av fem tidlegare vinnarar er på nynorsk, utan at det nokon gong har vore fleirtal av nynorsk-klassar i elevjuryen som stemmer den fram, skriv dei på Barnebokkritikk.no.

– Den nynorske barnelitteraturen er så dårlig representert at sjølv ein austlending som eg meiner det er pinsamt, seier Guri Fjeldberg til nettavisa Gd.no. Ho peikar også på at festivalen i fjor fekk 500 000 kroner i ekstra løyving som ein del av ein såkalla nynorskpakke framføre Språkåret 2013.

Festivalleiinga seier til Gd.no at kritikken frå Barnebokkritikk er berettiga, skjerpande og positiv. I forhold til løyvingane som er gitt frå nynorskpakken seier festivalsjef Marit Borkenhagen at det ikkje er sett særskilde føringar i knutepunktstøtta som går til heile festivalen. Borkenhagen og Pegasusansvarleg Randi Høiholt-Vågsnes peikar dessutan på at festivalen i år har skipa til eit nynorsk omsetjingsseminar saman med Samlaget og Norsk oversetterforening og at det er nokre fleire nynorskinnslag i Pegasus-programmet enn det Barnebokkritikk har funne.

Les saka på LNK!