Bøndene gav lyd frå seg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Låten av kubjøller spreier seg på samlingsplassen til Landbrukets Hus i Gamlebyen i Oslo. Rundt 2.200 bønder frå heile landet er på ingen måte lydlause. Knut Tore Nes Hjelle er saman med åtte andre bønder frå Eid Bondelag i ferd med å gjere seg klar for markeringa.

– Vi er her for å markere misnøye med det tilbodet staten kom med i jordbruksoppgjeret. Og vi ville avslutte med stil, aksjonsveka har vore vellukka, bondelag sentralt og lokalt har fått vist seg fram på ein god måte og fått fram hovudbodskapen i media, meiner Nes Hjelle, og seier storaksjonen i Oslo skal vere ein positiv aksjon og eit verdig punktum.

Mykje god støtte
Mjølkeprodusent Halvor Brosvik har òg funne vegen frå Sogn og Fjordane til Oslo, men han er frå Gulen.

– Vi bønder spring fortare for stadig mindre, seier Brosvik. Han er heilt einig i brotet bondeorganisasjonane gjorde med staten.

– Det er mindre enn det folk flest får. Vi har fått mindre heile vegen, gapet blir større og større. Vil ein ha matproduksjon, må ein vere villig til å betale det som det kostar. Det er eit vere eller ikkje vere for norsk landbruk, seier Brosvik.

Han meiner bondeaksjonane har vore milde i forma. Før han kom til Oslo har han mellom anna vore med å dele ut lappar på ferjekaia.

– 99 prosent gir tommelen opp. Vi har fått mykje god støtte, seier han.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

– Må ha råd til å produsere
Bastian Weiberg-Aurdal er styremedlem i Sykkylven Bondelag og meiner markeringa er ein viktig måte å markere misnøye med tilbodet frå regjeringa. Odd Einar Fjørtoft, leiar i Harøy og Fjørtoft Bondelag, er også med frå Møre og Romsdal, der dei allereie har markert seg med blokaden mot trykkjeriet til Sunnmørsposten natt til 18. mai.

– Til og med i Noreg treng framtida bønder. Sjølv om ingen har vore rikare enn det vi er no, treng vi mat kvar dag. Og vi må ha råd til å produsere han, seier han.

Kokte over
Ole Andreas Aasland har kome til Oslo frå Varhaug i Rogaland.

– Ut ifrå det som har skjedd, vil vi markere oss og håpar politikarar og Ap-folk vil sjå kva vi meiner om måten dei behandlar det norske landbruket på, seier han.

LES OGSÅ: – Bøndene og Sp tener på brotet

Han meiner bøndene har vore «lydige» i mange år og gått med på midt-på- treet-tilbod. Han seier landbruksmeldinga skapte forventingar i bondestaden.

– Kravet var 2,2 milliardar, og dei kom med eit tilbod som var dårlegare. Då kokte det over for bondestanden, seier Aasland.

Han opplever at bøndene gjennom aksjoneringa har vorte sett og høyrt og fått positiv omtale òg utanfor bondestanden.

– Viktig for dei unge
Under fana til Telemark står Anne Margrethe Midtbø frå Gvarv. Ho er òg oppteken av økonomien sett opp i mot rekrutteringa til yrket.

– Det har vore dårleg i mange år. Utan mat og drikke duger vi ikkje, seier ho og peiker på at norsk mat er sunn og har lite sprøytemiddel.

– Vi har ein unik moglegheit til å dyrke mat sjølv, men vi må ha betalt for det, ikkje gå for knappar og glansbilete, seier Midtbø.

Les siste landbruksnytt her!

Forbi Stortinget
Etter appellar ved første nestleiar i Norges Bondelag Berit Hundalå , generalsekretær i Norges Bondelag Per Skorge, og Jon Ivar Tofte, kanskje framtidig bonde, musikkinnslag og allsong ved Landbrukets Hus bar det så i veg gjennom gatene i Oslo.

Bøndene tok vegen forbi Stortinget før toget enda ved Statsministerens kontor. Der heldt mellom andre leiaren i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, og leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, appellar.