Framleis høg radioaktivitet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norges geologiske undersøkingar (NGU) gjennomførte i fjor haust ei omfattande kartlegging av radioaktiviteten i Jotunheimen. Saman med Statens strålevern og Reindriftsforvaltninga undersøkte dei cirka tre tusen kvadratkilometer i fjellområdet.

Nå er resultatet klart. Forskarane slår fast at Jotunheimen framleis er sterkt prega av Tsjernobyl.

Cesium 137 som kom etter Tsjernobyl har ei halveringstid på 30 år, og dette er framleis å finne i store mengder, 26 år etter eksplosjonen i atomkraftverket i Ukraina.

Området aust for fylkesveg 51 over Valdresflya er peika ut som særleg utsett for radioaktivitet. Her var nivået høgare enn ein før hadde trudd.

I eit område på hundre kvadratkilometer nord for Vinstravatnet, er det gjort målingar med ein maksimalverdi på 70 kilobecquerel cesium per kvadratmeter.

– Vi er overraska over kor mykje forureining det er, og har vore, i delar av området, seier Lavrans Skuterud til Aftenposten. Han er forskar i Statens strålevern og rådgjevar i Reindriftsforvaltninga.

Skuterud seier at dersom ein tek omsyn til at noko av nedfallet er vaska ut eller beita bort, trur han at området hadde cirka 300 kilobecquerel cesium per kvadratmeter i 1986. Det er høgare tal enn målingar ein gjorde da.

Nedfallet etter katastrofen i Tsjernobyl førte til høg radioaktivitet i kjøtt frå rein og sau.

Forskarane som står bak kartlegginga av radioaktiviteten, peikar på at det nye kartet som nå er laga, gjev betre og meir presis informasjon enn tidlegare.

I rapporten blir det understreka at kraftig regnskyll stutt tid før innsamling av data kan ha ført til ein reduksjon i konsentrasjonane som vart måla.

Les saka i Fjuken!