Fire av ti unge vil kjøpa Facebook-aksjen

Fire av ti nordmenn mellom 18 og 23 kan tenkja seg å kjøpa Facebook-aksjen når han kjem på børs.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge vil kjøpa Facebookaksjer

I aldersgruppa 18-23 svarar fire av ti at dei ønskjer å kjøpa aksjen, i resten av folket er det ein av fire som vil kjøpe denne aksja,  fortel Nordnet Bank, som har gjennomført ei fersk undersøking på dette, i ei pressemelding.

– Det er overraskande mange som kan tenkja seg å kjøpa Facebook-aksjen. Nordmenn er generelt svært tilbakehaldne med å kjøpa aksjar, og berre 13 prosent av befolkninga eig aksjar i dag. No ser det likevel ut til at mange vil gjera den første handelen sin og kanskje kan denne børsnoteringa bidra til at nordmenn får meir interesse for aksjehandel generelt, seier spareøkonom i Nordnet, Sissel Olsvik i Vammervold.

Facebook kom på børs på fredag, men Vammervold rår interesserte aksjekjøparar til å venta litt før dei bestemmer seg for å kjøpa.

– Historikken til denne typen aksjar viser at det kan løna seg å venta nokre veker eller månader før ein kjøper. Folk skal i alle tilfelle ta inn over seg at dette er ein aksje med høg risiko, seier Sissel Olsvik Vammervold. (©NPK)

Les òg: Facebook viktigare enn vener