Kjære alle saman!

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gratulerer med med dagen. Då er det 17. mai igjen, nok ein gong skal me feira Grunnlova, som det i dag er 198 år sidan blei underskriven på Eidsvoll.

Grunnlova var byrjinga på eit sjølvstendig Noreg, og var vårt svar på den amerikanske uavhengigheitserklæringa. Den sikra oss sjølvstende under unionen med Sverige fram til me vart eit eige, uavhengig og demokratisk land i 1905. Den dag i dag er Grunnlova den viktigaste lova i Noreg, og alle andre lover og føresegner som kjem i strid med den må vika.

Det er ikkje tvil om at Grunnlova gjorde Noreg til eit sjølvstendig land, eller at landet vårt vart meir demokratisk etter at den tredde i kraft. Men er me i mål enno? Sidan 1814 har Grunnlova vore gjennom mange og omfattande endringar og tilpassingar, og enkelte meiner at tida er moden for at heile Grunnlova skal reviderast, ikkje berre språkleg, men og politisk.

Døme på ei endring i Grunnlova er §110b som blei innført i 1992, kor det heiter at alle har rett til eit miljø som sikrar helse og til ein natur viss produksjonsevne og mangfald vert bevart. Vidare seier lova at naturen sine ressursar skal disponerast utifrå ei langsiktig betrakning som ivaretek denne retten også for komande generasjonar. Mange meiner at denne Grunnlovsendringa var ein direkte konsekvens av Altasaka, kor styresmaktene trossa både det enorme engasjementet og lokalbefolkninga og tvinga utbygginga gjennom ved hjelp av politimakt. Som kjent innrømte Gro Harlem Brundtland i 1989 at utbygginga var unødvendig – to år etter at demninga var ferdig.

Det er vel og bra at det kom noko positivt ut av Altasaka. Det var jo også i kjølvatnet av denne saka at Sametinget blei oppretta; men det er fortvilande at lokaldemokratiet må overkøyrast og ugjenkallelege naturverdiar må ofrast før ein innser at tida er inne for endring. Desto meir fortvilande er det at dagens styresmakter ikkje ser ut til å ha teken nemneverdig lærdom av Altasaka.

For trass i at Noreg i dag er sjølvforsynt med rein energi, snakkar olje- og energiminister Ola Borten Moe om å bygga det nye Noreg. Med dette meiner han kraftlinjer. Enorme kraftlinjer på kryss og tvers, over dei verdskjente fjordane våre på Vestlandet, gjennom naturreservat og verna område i Finnmark og Troms. Og så meiner han kraftverk og vindmølleparkar langsetter heile norskekysten.

Den statlege retorikken er at om ikkje desse landsomfattande utbyggingsplanane blir realisert innan kortast mogleg tid, vil det føra til problem med straumforsyninga i byane som risikerer å bli mørklagde.

Historia gjentek seg. Kvifor ville styresmaktene bygga ut Altavassdraget? Fordi dei ville tena pengar på krafteksport. Kvifor skulda dei på på forsyningsproblematikk? For å sleppa å at omsyn til naturen. Det same skjer i Hardanger no, over 30 år seinare. Etter fem år med vikarierande argumentasjon skjønte styresmaktene at lokalbefolkninga kom til å setja seg på bakbeina og verna om naturen uansett kva dei sa. Dermed skulda dei plutseleg på forsyningsproblematikk i Bergen, noko som skulle legitimera utbygginga. Det var på dette grunnlaget dei fekk tvinga vedtaket om høgspentmastene gjennom.

Den underkommuniserte sanninga er ei anna. Felles for både Altasaka, Hardangersaka og dei planlagde utbyggingane som inneberer kraftverk, gigantlinjer og vindmølleparkar, er at styresmaktene brukar propaganda om mørklegging som pressmiddel og kamuflasje medan den eigentlege agendaen handlar om profitt. Mange har sikkert høyrt om at Noreg skal bli Europa sitt såkalla grøne batteri. Dette er ei målsetjing som me som innbyggarar ikkje har fått sjansen til å sei vår meining om, det er ei avgjerd som har blitt tatt over hovudet på oss. Og det er me som må leva med konsekvensane i form av høgare nettleige og naturøydeleggingar.

Misforstå meg rett – eg er på ingen måte motstandar av fornybar energi, tvert imot. Der kor det allereie finst vasskraftverk, meiner eg det er rett å utnytta den fornybare krafta mest mogleg. Men fornybarsatsing kan ikkje gå på bekostning av naturen. Det må gå an å ha to tankar i hovudet samtidig! Spesielt i Noreg kor me har nok rein kraft til å forsyna oss sjølv, er eg heilt imot dei store kraftutbyggingane som Borten Moe ynskjer seg.

Så lat oss spørja oss sjølve: vert Grunnlova ivareteken når regjeringa no planlegg bygginga av det dei kallar det nye Noreg? For 100 år sidan bestod rundt halvparten av landet vårt av urørt natur. I dag er det under 12 prosent igjen. Ivaretek regjeringa naturen i eit generasjonsperspektiv når dei no varslar storstilt kraftutbygging i form av hundrevis av kilometer med kraftlinjer, vindmølleparkar og vasskraftverk i dei siste 12 prosenta me har igjen? Er det langsiktig tenking å satsa på naturøydeleggjande utbygging i staden for energieffektivisering, i dette landet som er sjølvforsynt med rein energi? Kva skal me med Grunnlovsendringar dersom dei ikkje blir følgt av våre folkevalde?

Som vanleg handlar det om pengar. Kapitalinteressene set ein stoppar for både naturvern og oppriktig miljøsatsing. For sjølv om Noreg prøver å selja seg internasjonalt som ein klimanasjon ved å utropa seg til Europa sitt grøne batteri, let styresmaktene oljeindustrien halda fram med storskala, forureinande produksjon og ei stadig leiting etter nye olje- og gassfelt. Statoil driv framleis med oljesandindustri i Canada, og norske selskap ynskjer utviding av kolkraftverka på Svalbard. Så landet vårt er på ingen måte uskuldige i klimasamanheng same kor mykje fornybare energikjelder me bygger ut. Mi meining er at me som oljenasjon har eit spesielt ansvar i klimakampen nettopp på grunn av at me livnærer oss på forureinande kraftproduksjon. Som svar på dette ansvaret ynskjer ei rekke politikarar og miljøorganisasjonar å redusera norske CO2-utslepp ved å elektrifisera ein del av sokkelen. I praksis inneberer dette altså å driva plattformane med rein energi frå land, medan gassen som tidlegare blei brukt til å forsyna plattformane blir eksportert til utlandet. Med andre ord skal me bruka mercifully, fornybare energiressursar på å overføra ein del av CO2-utsleppa våre til andre land, altså dytta problema våre over på andre. Og det berre for at det skal ta seg godt ut på Noreg sitt klimarekneskap – for gassen er nemleg like miljøskadeleg om han blir brent innanfor eller utanfor norske grenser.

Mange argumenterer med at verda er avhengige av olje og gass, og slik har det kanskje blitt i dag. Men når me veit at me kunne forsynt heile verda med energi ved å bygga solcellepanel i 1 % av verdas ørkenområde er det håplaust å påstå at verda treng fossil energi. Kortreist, rein kraft er det me treng, og det er fullt mogleg å gjennomføra om maktherrane var villige til å gje slepp på inntektene frå oljeplattformane. Her til lands burde energieffektivisering vera første prioritet, i staden for å legga til rette for at folk skal kunna auka straumforbruket sitt i det uendelege. Ifølgje ei undersøking gjennomført av Bellona og Siemens, kunne Bergen by ha spart bortimot 30 % berre ved hjelp av energieffektiviserande tiltak. Kvifor er det så få sentrale politikarar som snakkar om det? Jo, det er jo sjølvsagt fordi det berre er oss som forbrukarar som tener på det, ikkje kraftselskapa.

Noreg burde vera eit føregangsland når det kjem til å spara energi. I staden for å halda fram med utbygging etter utbygging burde me heller, som det søkkrike landet me er, subsidiera fornybarsatsing i andre, fattigare land – i staden for å utnytta klimautfordringane til å tena oss endå rikare på krafteksport. Me burde slutta å leita etter nye olje- og gassfelt, og avslutta utvinninga av desse klimafiendtlege energikjeldene så snart som mogleg. Sjølv om det finst meir olje og gass i Nordsjøen, er det ikkje dermed sagt at me MÅ utvinna den. Som ein sa til meg under aksjonen på Rong i fjor: «Menneska gjekk vidare frå steinalderen sjølv om det var meir stein igjen.»

Eg er overbevist om at Noreg, i likskap med mange andre land, kunne livnært seg på turisme med det spektakulære landskapet me har å by på. På grunn av det ekstreme prisnivået er det likevel få som har moglegheit til å feriera i Noreg. Og dersom utbyggingsgalskapen får fortsetta har me snart ikkje noko att å visa fram, for det er jo nettopp den urørte, ville naturen som trekker til seg turistar frå heile verda.

17. mai er ein dag for å feira landet vårt, demokratiet og Grunnlova – men eg synes ikkje me skal gløyma utfordringane me står ovanfor, heller ikkje på denne dagen. Visst har me grunn til å feira at me lever i eit land som Noreg, visst er me heldige som lever i eit velferdssamfunn – men me må ikkje verta sløve av den grunn. Me må aldri gløyma at velferda vår i all hovudsak baserer seg på ein industri som skapar store problem for heile verda. Me veit at verda ikkje hadde tålt belastninga om alle skulle ha same levestandard som oss. Derfor bør ikkje norske styresmakter legga til rette for meir sløsing i staden for sparing.

Den utbyggingsoffensive energipolitikken Ola Borten Moe planlegg er på ingen måte demokratisk eller i samsvar med Grunnlova som politikarane sjølv har bestemt. For det første har ikkje folket fått korrekt informasjon om kva elektrifisering eigentleg inneberer, og har blitt fortalt at det er ein stor klimagevinst. Det er rein bløff. For det andre er ikkje syresmaktene ærlege om kva som utløyser behovet for dei store, planlagde utbyggingane over heile landet. For det er langt ifrå innbyggarane i byane som utløyser behovet for meir kraft – det er kraftbransjen sitt begjær etter fleire milliardar. Å føra eit folk bak lyset på den måten er ikkje demokratisk. Å driva rovdrift på den brøkdelen me har att av urørt natur, er ikkje i samhandling med Grunnlova sitt krav om å forvalta naturen i eit generasjonsperspektiv. Så eg vil sei at me framleis ikkje er i mål. Og eit minstekrav må vera at politikarane fylgjer si eiga grunnlov, og ikkje berre dei lovene som passar dei.