Folket støttar bøndene

Nordmenn er villige til å betale prisen for å sikre matproduksjonen i Noreg, viser ei fersk undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bondekravet på 2,2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret kostar forbrukarane 33 øre per dag eller 120 kroner i året. I ei undersøking Sentio har gjort for Nationen, seier 86 prosent at dei er villige til betale dette for å halde matproduksjonen oppe på dagens nivå.

Det er på landbygda og i Midt-Noreg folk er mest positive til å betale meir for maten. Dei minst positive bur i Oslo, men også der er åtte av ti villige til å betale meir.

Leiaren i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, er svært godt nøgd med folkemeininga.

– Resultatet stadfestar at folk er opptatt av trygg og god norsk mat og ønskjer å betale for det. Det er veldig bra at folk skjønner at det er ressurskrevjande å produsere mat i Noreg, seier han til Nationen.

Les òg: Høgre vil justere tilbodet til bøndene

Passar godt
Leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, seier at resultata passar godt med dei reaksjonane ho har fått dei siste dagane.

– Resultatet er sjølvsagt svært gledeleg. Mange vanlege borgarar, ikkje bønder, har tatt kontakt og uttrykt sympati. Vi treng all den støtta vi kan få, seier Furuberg, som no håper at Stortinget vil følgje opp.

Fleirtalet av dei spurde meiner likevel – som staten – at kravet bøndene har stilt i jordbruksoppgjeret er for høgt. Berre 37 prosent synest bondekravet hald eit realistisk nivå.