Høgre vil justere tilbodet til bøndene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre vil justere tilbodet

– Forslaget frå regjeringa til jordbruksoppgjer er ikkje hogge i stein. Vi bør ha anledning til å sjå på det og gjere endringar når forslaget først blir lagt fram for Stortinget, seier landbrukspolitisk talsmann for Høgre Svein Flåtten til NTB.

Rasande bønder aksjonerer landet over etter at dei to bondeorganisasjonane laurdag braut forhandlingane med staten. Tilbodet frå staten var på 13.000 kroner meir per årsverk. Bøndene kravde 50.000.

– Det er eit veldig høgt krav, som heilt sikkert ikkje vil bli innfridd. Høgre tek utgangspunkt i tilbodet frå staten, som er på linje med andre tilbod i jordbruksoppgjeret dei siste åra, seier Flåtten.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Endra innretning
Sjølv om han blankt avviser å innfri kravet frå bøndene, meiner han likevel at Senterpartiet og regjeringa er å klandre for situasjonen som no har oppstått. Det er første gong sidan 2000 at begge organisasjonane i jordbruket bryt med staten.

– Den nye landbruksmeldinga slår fast at matproduksjonen skal aukast med 1 prosent kvart år i 20 år. Når regjeringa byggjer opp forventningane på den måten – utan å følgje dei opp, er det ikkje rart vi får reaksjonar, seier Flåtten, som får støtte av KrF.

– Brotet i jordbruksoppgjeret var forståeleg, då tilbodet frå regjeringa ikkje følgde opp dei måla som regjeringa sjølv har nedfelt i landbruksmeldinga. KrF ventar at regjeringa betrar oppgjeret under behandlinga i Stortinget, seier næringspolitisk talskvinne i KrF Rigmor Andersen Eide.

– Vi ventar at det er rom for eit betre oppgjer, og vil arbeide for at oppgjeret blir monaleg betra gjennom behandlinga i Stortinget, seier ho.

Ikkje støtte
Men Torgeir Trældal frå Framstegspartiet er ikkje innstilt på å gje bøndene meir enn det opphavlege tilbodet frå staten.

– Vi har ein heilt anna politikk på dette feltet. Vi godtek tilbodet frå regjeringa til bøndene, men meiner at produksjonstaket bør fjernast og auken i målprisane reverserast. Det går ikkje an å lempe ein tredel av rekninga for oppgjeret over på forbrukarane gjennom auka prisar, seier han.

Trældal er oppgitt over aksjonane til bøndene, som han meiner verkar mot si hensikt.

– Bøndene skyt seg sjølve i foten ved å ramme forbrukarane, seier han.

Les siste landbruksnytt her!

– Måtte seie frå
Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag erkjenner at det ikkje er fleirtal på Stortinget for å innfri krava i jordbruksoppgjeret i år.

– Vi er førebudde på at resultatet etter stortingsbehandlinga kan vere identisk med det opphavlege tilbodet frå staten. Slik har det vore før. Men skuffelsen er så stor at vi ikkje har noko anna val enn å gi regjeringa klar beskjed, seier han til NTB.

– Tilbodet frå staten bidreg ikkje til auka produksjon, slik landbruksmeldinga legg opp til. Tvert imot vil det bidra til at utviklinga går i feil retning, og at det blir produsert mindre mat her i landet, seier han. (©NTB)