Bøndene førebur aksjonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I ei pressemelding frå Uskedalen Bondelag, varslar laget at det vil merkast at bøndene er misnøgde med staten sitt tilbod i forhandlingane.

– Bøndene vil gjennomføra aksjonar i tre fasar i dagane som kjem. Dette kjem også til å merkast på det sterkaste i Kvinnherad, heiter det i pressemeldinga som er underteikna av leiar Olav Hjetland Bringedal.

Bøndene meiner at regjeringa ikkje rettar seg inn etter signala Stortinget har gitt:

– Det er uaktuelt å ta ansvar for ein jordbruksavtale som ikkje tek Stortingets vedtak om auka matproduksjon på alvor, heiter det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: – Jorbruket er i ferd med å kollapsa

Misnøgde
Staten har tilbode om lag 13.000 kroner per årsverk, noko bøndene er misnøgde med, og viser til at andre grupper i arbeidslivet får over 17.000 kroner.

I ei pressemelding frå Hordaland Bondelag, peikar leiar Clara Hveem på at oppgjeret ikkje berre dreiar seg om inntekt:

– Det handlar om å sikra eit landbruk over heile landet, produksjon av trygg mat til forbrukarane, og om å sikra nærare 100.000 arbeidsplassar i landbruk og næringsmiddelindustri.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Og Hveem legg til:

– Med eit slikt skambod frå regjeringa, og etter at den ikkje viser vilje til å koma oss meir i møte, var det berre éin utgang av desse forhandlingane.

Tilbodet frå Staten har ei ramme på 625 millionar kroner – kravet frå landbruket er på 2,2 milliardar kroner.

Til Stortinget
Regjeringa på si side meiner tilbodet gir større inntektsvekst enn det jordbruket tidlegare har gått til forhandling på, og at landbruket har fått betydeleg inntektsauke dei siste seks åra.

Regjeringa vil no gå til Stortinget med ein proposisjon om oppgjeret basert på staten sitt tilbod.

Les saka i Kvinnheringen!