Rekordvekst for Pinterest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner med ny nett-trend

Pinterest er som ei oppslagstavle der medlemmene kan dela bilete og lenker til ting dei likar innanfor forskjellige interessefelt – frå foto til søtsaker.

Nettstaden har over 12 millionar brukarar i månaden, og er det sosiale mediet som raskast nådde ti millionar brukarar. No er Pinterest på topp 50-lista over dei mest besøkte nettstadene i verda.

– Eg har oppdaga langt fleire feminine sider av meg sjølv enn kva eg var klar over. Eg har samla på bilde av ting eg likar, og i påsken, då eg hadde god tid, kjøpte eg tinga eg ellers aldri hadde fått med meg hadde det ikkje vore for Pinterest, fortel Herdis Moldøen via Facebook. Ho er utdanna samtaleforskar og jobbar til dagleg i A-pressen.

Det er særleg kvinner som har fatta interesse for det nye nettsamfunnet.

– Pinterest er verkeleg den sosiale kvinnenettstaden. Då det starta var det 98 prosent kvinner, og i det siste har eg sett det er oppgitt ei fordeling på 70 prosent kvinner, seier Marius Zachariasen, innovasjonsdirektør i McCann Worldgroup, eitt av dei største kommunikasjons- og reklameselskapa i verda til Dagens Næringsliv for nokre veker sidan.

Han meiner grunnen er at nettverket starta som ein handverksnettverk for å visa fram interesser og ting. No har stadig fleire kommersielle aktørar teke til å bruka nettverket som ein marknadsføringskanal for å leia brukarane til eigne nettbutikkar.

– Eg diggar å berre følgje folk med same interesse og som leverer godt innhald. Eg kjem ikkje til å følgje den sosiale grafen på Pinterest. Folk som ikkje bidrar med godt innhald, blir ikkje fulgt. Og det er ikkje meininga at dei skal bli det heller, skriv Herdis Moldøen til Framtida.

I Noreg er Visit Norway og Moods of Norway blant dei mest aktive selskapa på den nye nettstaden, ifølgje DN.