– Merkar lite til kulturløftet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kulturløftet er eit statleg prosjekt og kjem i liten grad kommunesektoren til gode. Det er eit Giske-prosjekt som gjev mykje merksemd, men liten reell effekt for kultursatsinga i den jamne kommune, seier forskar Oddveig Storstad ved Norsk senter for bygdeforsking til Aftenposten.

Tal frå kulturstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2010 viser at medan kulturbudsjettet til regjeringa dei seinare åra har auka vesentleg, har kulturløyvingane til kommunane i same periode gått ned frå 52 til 47 prosent.

Kulturen taper lokalt
Forklaringa er at dei statlege kulturmidlane hovudsakleg går til nasjonale og regionale institusjonar og prosjekt, medan kommunane må prøva å finna plass til kultur på eigne budsjett. Det gjev små rom for spenstige kulturløft.

– Kulturen taper kampen når dei kommunale budsjetta skal vedtakast. Slik har det vore sidan midten av 90-talet, seier Storstad.

Sigrun Vågeng, direktør for KS, interesseorganisasjonen for kommunane, peikar på si side på at det i kroner og øre har vore ein stor auke i kulturbudsjetta til kommunane.

LES OGSÅ: Fekk Drømmestipendet

Mest til investeringar
Ein nærmare analyse av tala viser likevel at det meste av pengane går til å byggja store idrettshallar og kulturbygg. Løyvingane til den daglege drifta av bibliotek, kulturskular, museum og enkelte kulturprosjekt har i same periode gått ned, skriv Aftenposten.

– Det blir dessverre slik at i ein stram kommuneøkonomi, vinn dei store lovpålagde oppgåvene, seier direktøren i KS.

Kor mykje pengar kommunane brukar på kultur varierer likevel mykje frå kommune til kommune. Medan kraftkommunen Bykle i Aust-Agder brukar 22.721 kroner per innbyggjar til kulturformål, brukar Frp-kommunen Os i Hordaland berre 413 kroner. (©NPK)

OPPDATERT: Les meir: Størst auke i Oslo