– Dinosaurar feis verda varm

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein stor klima-studie har forskarar rekna ut at dinosaurar kan ha slept ut nok metan i atmosfæren til å varma opp planeten for over 150 millionar år sidan, i løpet av den varme, våte mesozoikum-perioden.

Dei gigantiske, langhalsa sauropodane er dei største landdyra som nokon gong har levd. På det meste kunne dei vera 40 meter lange. Og akkurat som store kyr, fordøydde dei maten med hjelp av metan-produserande mikrobar.

– Våre utrekningar tyder på at desse dinosaurane kunne ha produsert meir metan enn alle moderne kjelder – både naturlege og menneskeskapte – sett saman, uttalar forskar Dave Wilkinson frå Liverpool John Moores University, ifølgje Reuters.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Kraftig klimagass
Metan er ein kraftig drivhusgass, og har 25 gonger så stor effekt på klimaet som utslepp av karbondioksid.

Klimautsleppa frå kjøttproduksjon og meieriindustri utgjer kring ein femtedel av klimautsleppa i verda, ifølgje FN-organisasjonen for mat og landbruk (FAO). Mykje av effekten kjem av metan som kyrne slepp ut medan dei fordøyer maten i dei fire magane sine.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Forskarane ved Liverpool John Moores-universitetet har rekna med at dei globale utsleppa av metan frå sauropodar var rundt 520 millionar tonn per år, noko som kan samanliknast med alle dei moderne metanutsleppa.

Ein vaksen sauropod vog kring 20 tonn, og forskarane reknar med at det var nokre få dusin av dei for kvar kvadratkilometer.

LES OGSÅ: Noreg stig framleis opp