Sjå kva fylke som får færre og fleire stortingsmandat!

mm

Oslo som får to nye mandat, mens Akershus får eitt nytt. Det gjer òg Rogaland og Hordaland.

Hedmark, Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Nordland og Troms mistar eitt mandat kvar.

På fleire meiningsmålingar har det vore usikkert om SV-leiar Audun Lysbakken ville få plass på Stortinget ved neste val. Eitt mandat ekstra til Hordaland kan auka denne sjansen. Samstundes har mange spekulert i om KrF-leiar Knut Arild Hareide vil flytta frå ein usikker plass i Akershus, til ein sikker plass i Hordaland. Eitt mandat ekstra til Akershus vil gjera det litt lettare for han å bli der.

Det er Kommunal- og regionaldepartementet som har rekna ut fordelinga som skal gjelda for vala i 2013 og 2017.

Ved stortingsval er landet delt inn i 19 valgdistrikt. Desse tilsvarar fylka. Stortinget skal ha framleis ha 169 representantar. Kor mange representantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir rekna ut på grunnlag av innbyggjartal og areal kvart åttande år.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36
ANNONSE