– Det nynorske grunnfjellet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det mest påfallande ved språkutviklinga i dette fylket er at bruken av nynorsk står så sterkt og er så stabil medan endringane er store mange stader elles i landet. Her står vi på det nynorske grunnfjellet, og det har Sogn og Fjordane vore i snart hundre år, sa Ottar Grepstad då han tysdag la fram «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» i Førde.

– Denne rapporten er eit verdfullt dokument som bør inspirere dei styrande i Sogn og Fjordane og som gir nasjonale styresmakter gode innspel i til dømes utdanningspolitikken, sa styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum då han overrekte dokumentet til fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Nynorsk kultursentrum har laga rapporten på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, og i juni drøftar fylkestinget politikk for nynorsk i fylket.

Små endringar sjølv i vidaregåande skule
Det er første gongen ein så omfattande dokumentasjon er laga for eitt fylke. Rapporten på 100 sider inneheld 57 tabellar med utførlege analysar.

Ein tredel av stoffet i rapporten har ikkje vore publisert før. Størst interesse knyter det seg til tal for bruken av nynorsk og bokmål i vidaregåande skule. På landsplan går halvparten av nynorskbrukarane over til bokmål før dei avsluttar vidaregåande skule. I Sogn og Fjordane gjer berre 10 prosent av elevane dette.

LES OGSÅ: Bergen som nynorsk hovudstad?

På fleire punkt dokumenterer rapporten tendensar til skilnader mellom indre og ytre strøk, og at det som har vore stabilt til no, kan kome til å endre seg. – Fylkespolitikarane bør ikkje ta situasjonen anno 2012 for gitt, seier Ottar Grepstad.

Bør bli lytta til av sentrale styresmakter
Sogn og Fjordane har ein så særmerkt språkleg posisjon at fylkeskommunen har god grunn til å be om å vere representert og bli teken med på råd i viktige forum der nasjonal og regional politikk blir drøfta som kan få følgjer for språkleg praksis, skriv jølstringen Ottar Grepstad i rapporten.