– Antidepressiva gjer meir skade enn nytte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Reseptregisteret viser at det har vore ein auke i bruken dei siste åra, og sidan 2005 har totalforbruket auka frå 82 til 97 millionar dosar i året. I 2011 var det dobbelt så mange menn som kvinner som brukte antidepressiva, skriv Dagbladet.

Forskingsstudien som er publisert i tidsskriftet Frontiers in Psychology, slår fast at antidepressiva forstyrrar ei rad prosessar i kroppen som blir regulert av serotonin, skriv avisa. Serotonin er eit signalstoff i nervesystemet, og studiar har vist lågt serotoninnivå i hjernen hjå deprimerte.

Ein av forskarane bak studien seier ein må bli mykje meir forsiktig med bruken av slike legemiddel.

Les òg: – God hjelp å snakke om problem

Professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet, Jørgen Bramnes, seier han så langt ikkje har sett rapportar som viser at biverknadene er større enn fordelane. Han trur ei av årsakene til at biverknadene blir vektlagt i så stor grad i denne studien, er at mykje av forskinga på slike legemiddel brukar eit utvida definisjonsomgrep.

– Det er forskjell på ein alvorleg depresjon og naturlege sorgreaksjonar eller svingingar i humøret. Ved tilstandar som lett går over av seg sjølv, vil biverknadene kunne vege tyngre, seier han. (©NPK)

Les òg: Før sov vi to gonger kvar natt

Høyr ein av forskarane bak studien, Paul Andrews, fortelja om funna på YouTube!