Støttar kritikk av etikkreglane

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kostnadene ved dei etiske retningslinjene har vore enorme. Kva har vi eigentleg fått att? Er verda vorte ein betre stad? Har dei ekskluderte bedriftene slutta med det som regjeringa ikkje likar? Praktiseringa er selektiv og inkonsekvent, og heilt utan verknad, sa Christian Tybring-Gjedde frå Frp måndag.

Er dette synet som Tybring-Gjedde gjer seg til talsmann for det same som det FpU har?

– Dette er eit syn vi støttar. I tillegg er det særs dobbeltmoralsk at t.d. det norske oljefondet ikkje kan investere i Lockheed Martin, eit selskap som gjev mykje avkasting, som vi sjølv kjøper fly for 100 milliardar kroner frå, og som den norske regjeringa har lobbya hardt mot for at skal produsere mest mogleg i Noreg. Den norske staten eig til dømes store delar av Kongsberggruppen, som produserer delar til Lockheed Martin-fly vi sjølv skal kjøpe, då er det uforståeleg at vi ikkje kan eige i Lockheed Martin og gå glipp av god avkasting, seier Himanshu Gulati, formann i FpU, til Framtida.

Han meiner det generelt er eit paradoks at vi ikkje kan investere i selskap som produserer produkt som er heilt lovlege i Noreg.

Kommande leiar i Unge Høyre, Paul Joakim Sandøy, er med på at vi bør ha eit etisk regelverk for oljefondet, men er òg open for at vi skal diskutere innhaldet i dette regelverket meir.

Reagerar på haldningane
– Oljefondet er ein svært stor aktør på den internasjonale investeringsmarknaden, og i kraft av sin storleik har dei etiske retningslinene stor betydning. Eg meiner det gjer verda til ein betre stad at vi nordmenn forvaltar vår felles formue på ein etisk rett og berekraftig måte. Eg kan heller ikkje sjå at det er særleg hald i påstanden om at praktiseringa er "selektiv og inkonsekvent", så vidt eg kjenner til fører oljefondet ei konsekvent linje i tråd med signala frå Stortinget, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, til Framtida.
 
Er det verd å tape 10,6 milliardar på å unngå uetiske selskap?

– Det er i alle fall ikkje verdt det å tene 10,6 milliardar på til dømes landmineproduksjon, når vi veit konsekvensane for enkeltmenneske over heile verda. Vi må setje folk først, også i forvaltninga av oljefondet.

Er det meir etisk å investere i vegar og lyntog?

– Vi bør definitivt investere i verdiskaping og infrastruktur i Noreg, men ikkje i større grad enn handlingsregelen tilseier. Handlingsregelen bør for øvrig senkjast frå 4 til 3 prosent, av omsyn til økonomisk berekraft og reell avkasting over tid.