Norsk klimanettverk vil ha Noreg som verdas klimaførebilete, og krev hastetiltak frå Bård Vegar Solhjell.

mm
Faktaboks

Norsk klimanettverk krev at desse tiltaka må setjast i verk med ein gong:

1. Akselerera overgangen til klimavennlege bilar gjennom avgifter og reguleringar.
2. Gje støtte til energisparing i hushalda. Støtta til å spara energi må vera minst like høg som støtta til å produsera energi. Forbod mot fossil oppvarming av bygg i 2020 og auke i støtta til miljøvennleg oppvarming
3. Velfungerande gods- og kollektivtransport kombinert med avgifter for bilkøyring i og rundt dei store byane.
4. Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging i industrien må gjerast betydeleg større enn det Klimameldinga har foreslått og det som blir finansiert herfrå må føra til reelle utsleppskutt.
5. Pålegg om elektrifisering av nye oljeinstallasjonar.
6. Auke eigen produksjon av klimavennleg energi og sørgja for at denne blir til brukt å redusera nytta av fossil energi.
7. Det må bli dyrare å forureina. Avgifta for oljeindustrien må aukast ytterlegare.

LES FAKTALUKK FAKTA

Leiarar frå norsk næringsliv, organisasjonsliv, kulturliv, idrett og akademia krev større ambisjonar enn det klimameldinga legg opp til. Torsdag møtte dei miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) med krav om konkrete handlingar med ein gong.

Blant dei som har signert er leiarane av Natur og ungdom, Framtiden i våre hender, YS, Tekna, fleire næringslivsfolk og snøbrettkøyraren Terje Håkonsen.

Styreleiar Camilla Moneta i Norsk klimanettverk overleverte dokumentet til miljøvernministeren på vegne av konferansedeltakarane torsdag.

– Meldinga er ein open invitasjon, me har samla leiarar frå alle delar av samfunnet som viser at det ikkje berre er miljøorganisasjonane som er klare for meir handling på klimafronten. Dette legg eit breitt, folkeleg press på miljøvernministeren no som han skal i forhandlingar med Stortinget. Me skal jobba framover for å auka trykket på alle partar for å få eit meir ambisiøst klimakompromiss, seier Thomas Cottis, generalsekretær I Norsk klimanettverk.

LES OGSÅ: Slik vil regjeringa kutta utsleppa

Vil ha større ambisjonar
Marianne Harg, president i Tekna, var med både på konferansen og ved overleveringa. Ho stiller seg bak krava til dokumentet om at Noreg, som eit av dei få landa i verda som har høvet til å ta ein leiande posisjon på klimafronten.

– Me er glade for meldinga no er kome og at det står fast at 2/3 av kutta enno skal takast i Noreg. Me er opptekne av å jobba for at klimafondet blir størst mogleg og sørgja for at det faktisk resulterer i at det blir spart utslepp gjennom det. Det er veldig mange som har lyst til å forplikta seg, og det må det leggjast til rette for, seier Harg.

LES OGSÅ: – Noreg må skapa grøn økonomi

Krev handling no
Terje Osmundsen, direktør i Scatec Solar, var òg på konferansen og overleveringa. Han presiserer behovet for at det skjer ting no, og trekkjer fram initiativet til å setja måltal for den næraste framtida til 2030 og vedta 5-årsbudsjett, slik dei mellom anna har gjort i Storbritannia.

– Me ser at Noreg har ein høg profil internasjonalt, men både innan næringslivet og i samfunnet elles har me mista tempo dei siste åra. Dette får konsekvensar for unge sine studieval og innovasjonsnivået til bedriftene. Ved å vedta målbare planar òg på kort sikt skapar ein forutsigbarheit, seier Osmundsen i ei pressemelding.

QUIZ: Prøv den store klimaquizen vår!

Tek tilbakemeldinga med vidare
Solhjell tok imot dokumentet og oppfordringa om å sikta høgt i forhandlingane som no kjem. Han la òg vekt på tydinga av slike breie koalisjonar som jobbar for klimasaka.

– Det er heilt naudsynt. Klimaproblema kjem til å treffa samfunnet mykje breiare enn berre dei mest miljøengasjerte. Eg set veldig pris på at næringsliv og organisasjonar tek initiativ i klimasaka. Eg er heilt overtydd om at den alliansen som kjem til å løysa klimaproblemet kjem til å vere brei, slik som dette er eit døme på, avslutta Solhjell.

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

Kommentarar

ANNONSE