Ute av Blitzregnet

Brannbomber kasta av nynazistar og store gateslag er ikkje lenger kvardagskost. Når Blitz feirar 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er laurdag, dagen etter opningsfesten til Blitzhuset sitt 30-årsjubileum. Utslitne bord, stolar og kassar med pils er plassert ikring i gata. Sola skin om kapp med pierca kinn, oppoverpeikande hårsveisar, svarte hettejakker og grillspyd på grillen – som består av alt mogleg anna enn kjøt. Klokka har bikka tre på ettermiddagen og det er enno fredeleg i Pilestredet 30. Med fredeleg meiner ein at politiet ikkje har kome og avbrote det okkuperte gatekvartalet i høve jubileet.

– Pressa viser ikkje like stor interesse for oss som før, seier Martin i pressegruppa til Blitzhuset.

Han har ei grei forklaring på kvifor.

– Politiet har lært seg å køyre ein smartare taktikk som ikkje omfattar å sleppe laus bikkjer og køyre hestar inn i folk, seier blitzaren.

– Det gjer at det blir mindre regelrette slagsmål.

Kulturhuset Blitz
Martin er ein glad og bakfull raudhåra hanekam-mann, som det er vanskeleg ikkje å leggje merke til – sjølv på Blitz.

Frå scena dundrar Queens of the Stone Age frå høgttalaranlegget. Større og mindre folk dinglar med beina ut av vindauga eller sit ikring på asfalten som om det skulle vore ei scene henta frå ein gatebarnmusikal. Ein kar på scena spøkar med at «Her vil det hende mykje i kveld. Etterpå blir det slosskamp inne». Han siktar til kickboksing-kampen som blir arrangert seinare på kvelden.

– Har Blitz vorte mindre politisk?

– På Blitz kjem det folk som ikkje er oppteke av politikk. Det er mange som blir drege inn i miljøet gjennom det kulturelle aspektet, for så å bli drege inn i det politiske som er den naturlege vegen vidare. Det føler eg ikkje det har vorte noko mindre av i dei sju åra eg har vore her, seier Martin.

Opptøyar i starten
Den venstreradikale, politiske ungdomsrørsla starta i Oslo tidleg på 80-talet, då Skippergata vart okkupert.

– Då blitzarane vart kasta ut, følgde to år med opptøyar, og så fekk endeleg kommunen til ein avtale med blitzarane om å få huset her, seier Martin.

Det var ei tid der mange ungdomar såg til dei ekstreme politiske gruppene som ein stad å høyre til.

– Heile Blitz-rørsla vart starta av ungdomar som ikkje hadde ein stad å vere. Dei ynskte seg ein ungdomsklubb der dei kunne avgjere sjølv, utan vaksne eller andre autoritetar til å  bestemme over seg. Dei ville ha ein flat struktur, der alle var med på å avgjere kva som hender.

LES OGSÅ: Vil kjempa mot vaksentyrraniet

Same som alltid
Blitzarane går i same klede, høyrar på same type musikk, og har like fargerike og lett gjenkjennelege hårsveisar som for 30 år sidan. No gjer dei det berre i litt finare omgjevnader.

– Sidan 80-talet er det eigenleg berre huset som har endra seg. Vi har pussa opp her, men vi har enno dei same politiske kampsakene, seier Martin.

– Som er?

– Vi skal knuse nazistane og fascistane.

Martin innrømmer at blitzarane har hatt eit litt lågare aktivitetsnivå etter at oppussinga starta.

– Vi har måtta konsentrere oss om å få det i stand og i gang att før vi tek over heile by’n, smilar han.

– Vi er jo anti-stat
Utover laurdagsettermiddagen blir hiphop-konsertane sett i gang på Blitzhuset – berre avbrote av ein kvitmålt kar som køyrer rundt dinglande i krokar frå ein kranbil og ropar frå ein megafon. Etter kickboksing og konsertar avsluttast dagfesten med ein aldri så liten demo med utdeling av sprøyter til dei narkomane, frå slottet til plata.

– Eg opplever at vi har ei viktig oppgåve i samfunnet sidan vi tek kraftige tak for å mobilisere folk til å bry seg om saker som vi meiner er viktige, seier Martin.

– Det er det vanskeleg for politikarane å oversjå. Slik møter vi vonleg ein godvilje der inne ein stad, sjølv om vi hatar det. Vi er jo anti-stat. Vi samarbeider med parti, men vi vil aldri anerkjenne parti i systemet.

– Men det er vel bakgrunnen for eksistensen dykkar?

– Blitz er her i kraft av at vi er trengst. Hadde vi ikkje det, ville vi heller ikkje vore i denne byen.

LES OGSÅ: – Eg vil ha eit klassefritt samfunn

– Så du vil ikkje seie at huset har utspelt rolla si?

– Nei, det vil vi aldri gjere, seier Martin.

– Ikkje før vi har eit heilt anna samfunnsystem enn vi har i dag.

Les saka i Universitas!