Det etiske regelverket til oljefondet har gjeve fondet 10,6 milliardar kroner mindre i avkasting sidan 2005.

mm

Utrekningane er gjort av Noregs Bank, og beløpet går fram av stortingsmeldinga om forvaltinga av det såkalla Statens pensjonsfond utland som vart lagt fram i mars, skriv Finansavisen.

Ut i frå stortingsmeldinga er det uvisst kva Noreg har oppnådd ved å gje avkall på milliardar ved å stenge 55 selskap ute på grunn av brot på det etiske regelverket til fondet.

– Selektiv og inkonsekvent

– Kostnadene ved dei etiske retningslinjene har vore enorme. Kva har vi eigentleg fått att? Er verda vorte ein betre stad? Har dei ekskluderte bedriftene slutta med det som regjeringa ikkje likar? Praktiseringa er selektiv og inkonsekvent, og heilt utan verknad, seier Christian Tybring-Gjedde frå Frp.

Han meiner staten er dobbeltmoralsk når dei tener store summar på salet av tobakk, medan det blir rekna som umoralsk å eige aksjar i dei same selskapa.

– Lockheed Martin er ekskludert, samstundes som regjeringa har bestemt å kjøpe jagarfly frå den same bedrifta. Prislappen er 100 milliardar dollar, så høgt at ein har diskutert å finansiere kjøpet utanfor statsbudsjettet. Med andre ord å hente pengar direkte frå Oljefondet, seier Tybring-Gjedde til Finansavisen.

Han er òg kritisk til høyringane om Oljefondet i Stortinget, og meiner det hadde vore nyttigare med profesjonelle investorar som kan fortelje kva som er lønsamt enn at Kirkens Nødhjelp, Changemaker, Framtida i våre hender og Regnskopsfondet fortel politikarar kva fondet ikkje skal investere i.

Les òg: Krev meir moral frå oljefondet


– Bruk eigne private pengar

– Eg vil ikkje at våre felles sparepengar og mine pensjonspengar skal investerast i barnearbeid, krig og menneskehandel. Det hadde kan hende gjort dei rikaste landa i verda enno litt rikare på pengar, men vi hadde vorte veldig fattige som menneske. Dersom Tybring-Gjedde ynskjer å investere i slik verksemd så får han bruke sine eigne private pengar, seier Elisabeth Løland, leiar i KrFU, til Framtida.

Løland er oppteken av at eigarskapet av eit av dei aller største fonda i verda er eit enormt ansvar, og vil ha strengare reglar for investering. Pengane burde setjast inn i føretak som gjer noko positivt for samfunnet, ikkje berre dei som øydelegg minst, hevdar ho.

– Dei etiske retningslinene har openbart gjort verda til ein betre stad. Når eit så stort fond trugar med å trekkje seg ut er det mogleg å presse fram betre etikk i føretak. Det er òg med på å setje ein standard for andre fond. Dei gongene det ikkje er mogleg å få til endring er det rett å trekkje seg ut. At nokre andre tener blodpenger er ikkje nokon god grunn til at vi skal gjere det.

Les òg: Eit historisk mistak

Kva meiner du? Kostar etiske retningslinjer meir enn det smakar? Eller bør ein framleis ha regelverk for kva staten kan investera i?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE