– Syria blør kvar dag, de gir Assad tid og han drep meir og meir folk, seier den syriske flyktningen Ali Watti.

Espen André Breivik
Espen André Breivik

12. april skulle våpenkvila tre i kraft i Syria, men verken president Bashar al-Assad sine styrkar eller opprørarane har lagt ned våpna.

På eit asylmottak på Nesttun i Bergen sitt kurdaren Ali Watti (27), som flyktning frå Syria opplevde han ei reise han ikkje unner nokon andre.

– Du kan bli arrestert eller drepen, dei du møter på grenseovergangar har som regel lov til å bruke våpen. Det er ein ekstrem tur eg har lyst til å gløyme, fortel han.

Held seg oppdatert
Trass i at han i dag er langt frå konflikta, vel han å påverke situasjonen med det han kan. På grunn av utviklinga med sosial media, er det ikkje vanskeleg å halde seg oppdatert uansett kvar ein oppheld seg. Watti får dagleg oppdateringar frå National Organisation for Human Rights in Syria.

– Det er viktig for meg å høyre frå familie og venner. Eg var også med i ei gruppe for revolusjon i landet.

LES OGSÅ: Fekk kjenne flyktningelivet

Har skjønt integreringskoda
For ei tid tilbake vart fleire av asylsøkjarane frå Ytrebygda statlige mottak invitert med på fjelltur av Bergen Turlag. Sidan den gong har Ali Watti vore hekta på norsk friluftsliv og er no ein av mange turleiarar i Den Norske Turistforening.

– Eg skjønte at eg måtte engasjere og organisere meg for å kunne integrerast i det norske samfunnet. På tur er nordmenn mykje meir sosiale og pratsame enn i byen.

Organisasjonsmenneske
Som asylsøkjar utan pass, får ein ikkje jobbe eller studere i Noreg. Ventetida vert difor uuthaldeleg for mange i same situasjon. Men Watti har skjønt at nordmenn si fritid er full av «dugnadsarbeid».

Lista over organisasjonar 27-åringen er med i er svært lang. Han har verv i Norsk Folkehjelp, Røde Kors Ungdom, Amnesty og Bergen Internasjonale Kultursenter. I tillegg arbeidar han for aktivitetar for asylsøkjarar og støtte for papirlause og syriske flyktningar.

– Eg tykkjer det er viktig å kunne hjelpe andre, eg lærer norsk og viser at eg kan gjere gode gjerningar. Eg står for eit prinsipp om at det er tre grunnleggjande faktorar for lykke i livet; at vi har noko vi vil gjere, at vi har nokon vi elskar og at ein har mål og draumar.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

– Noreg kan gjere ein forskjell i Syria
Asylsøkjaren mistar ikkje kamplysta sjølv om han er langt frå Syria. Han meiner det er mykje Noreg kan gjere.

– Først og fremst kan Noreg hjelpe flyktningar som no bur her. Men ein kan også støtte internasjonale humanitære organisasjonar, fleire stader finst det ikkje mat eller vatn, og straum.

LES OGSÅ: Syriske studentar i krig

– Syria blør kvar dag
Watti forstår at situasjonen er komplisert, men ber FN likevel om å hjelpe.

– Syria blør kvar dag, de gir Assad tid og han drep meir og meir folk. Eg vil be land som har interesser i Syria om å først og fremst tenkje på dei sivile, seier han.

Vil ha barn som slepp å vere redde
På spørsmål om han nokon gong trur han kan reise tilbake til Syria, ber han oss sjå på situasjonen i Irak. Han trur det vil ta lang tid før det vert roleg i området.

– Eg håpar på opphaldstillating i Noreg, eg vil arbeide som lege her og vil at mine barn skal leve i fridom, utan å vere redd for politi eller redd for å ytre seg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE