40.000 song songen hans på Youngstorget torsdag. Dette er ei lita historie om legenda Pete Seeger.

mm
Faktaboks

Les meir om Pete Seeger på Wikipedia og i dette Aftenposten-intervjuet frå 2006 med Lillebjørn Nilsen!

LES FAKTALUKK FAKTA

Kven andre enn Pete Seeger har ført både Marlene Dietrich, Bruce Springsteen og Lillebjørn Nilsen til toppen av platelistene?

Då Lillebjørn Nilsen leia allsongen av ”Barn av regnbuen” på Youngstorget torsdag, helsa han frå snart 93 år gamle Pete Seeger. Seeger er ei legende i amerikansk musikkhistorie, og har skapt songar som "Where Have All The Flowers Gone", "We Shall Overcome", "If I Had A Hammer" og "Turn Turn Turn".

"Barn av regnbuen"-originalen "My Rainbow Race" blei til på ei flyreise frå Japan og USA i 1967, men det var først i Lillebjørn Nilsen sin versjon Barn av regnbuen som førte songen til toppen av VG si singelliste i 11 veker i 1973.

Marlene Dietrich fauk opp på toppen av salslistene med «Sag Mir, wo die Blumen sind». Og i 2006 kom Bruce Springsteen ut med si hyllingsplate av Seeger – We Shall Overcome. The Pete Seeger Sessions.

Kommunistjakta
Pete Seeger var allereie ein kjent musikar under andre verdskrigen. Saman med Woody Guthrie, Lee Hays og Millard Lampell danna han The Almanac Singers i 1941. Og med gruppa The Weavers med Lee Hays og Ronnie Gilbert hadde han ei rekkje slagarar på 1950-talet.

Pete Seeger har heile tida vore brennande opptatt av fredsarbeid, og var også tidleg ute med å snakka om borgarrettar og miljøvern.

Frå 1955 blei han stempla som ein samfunnsfiendtleg kommunistisk propagandist, og svartelista. Han meldte seg ut av kommunistpartiet alt  i 1949, men kamp for borgarrettar, arbeid for fagforeiningarsa og fred var framleis skumle greier då den kalde krigen brått blei kaldare.

I ein biografi skrive av Alec Wilkonson, seier Seeger at han burde ha meldt seg ut av kommunistpartiet mykje tidlegare, etter å ha høyrt om Moskvaprosessane.

Presidentheidra
Det var først då Johnny Cash tok Seeger med på TV-showet sitt tidleg på 1970-talet at Pete Seeger blei tatt inn i varmen igjen.

Det offisielle USA kom med ei endeleg oppreising då president Bill Clinton overrakte han den høgaste kulturdekorasjonen ein kan få i Det hvite hus i Washington.

Og då Barack Obama blei tatt i ed som president i 2009, blei Pete Seeger med Bruce Springsteen på Woody Guthrie-songen "This Land Is Your Land".

Høyr Pete Seeger syngja "Rainbow Race" her:

 

Sjå video frå songen på Youngstorget:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

ANNONSE