Far bestemmer sjansen for å lukkast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Far bestemmer om du lukkast

Har Lånekassen og fleire studieplassar gjort høgare utdanning tilgjengeleg for alle?

– Sjansen for å lukkast i utdanningssystemet er veldig ulik, seier sosiolog Olav Korsnes.

Trass i at det generelle utdanningsnivået i Noreg har auka betrakteleg sidan krigen, meiner Korsnes at barrierar for å ta høgare utdanning stadig reproduserast over generasjonar.

– Høgare utdanning er ikkje lenger eit privilegium for dei få, men det tyder ikkje at det ikkje finst barrierar. Utdanningsnivået til foreldre påverkar utdanningsnivået til borna, seier han.

Få frå botn til topp
Det er berre ein liten del av dei som har foreldre utan høgare utdanning som sjølve har gått til topps i utdanningssystemet, med høgare utdanning på fem år eller meir.

Då Lånekassen vart etablert i 1947 var det eit uttalt mål at han skulle jamne ut skilnader og gjere høgare utdanning tilgjengeleg for alle. Trass i at stadig fleire tek høgare utdanning, meiner Korsnes at prosjektet om utjamning berre delvis har lukkast.

– Det har lukkast ved at stadig fleire tek høgare utdanning, og no er det like sannsynleg å treffe ein student med foreldre som har høgare utdanning som ein student som har foreldre som ikkje har høgare utdanning.

Han understrekar at dette ikkje tyder at dei relative ulikskapane ikkje blir reprodusert over generasjonar.

– Utdanning kjem ikkje berre an på evne og vilje, sjølv om dette òg spelar inn, seier han.

Som far, så son
Rasmus Haugen Sandvik studerer økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Bergen (HiB). Faren Bjørn Sandvik er førsteamanuensis i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Foreldra hans hadde folkeskule- og realskuleutdanning.

For Rasmus var det sjølvsagt å ta høgare utdanning. Men til trass for at han snart er ferdig med bachelor nummer to, er han langt i frå å overgå far sin.

– Eg surra rundt på universitetet i nokre år, og var innom både realfag, filosofi, antropologi og teatervitskap. Då eg var ferdig med doktorgraden i økonomi hadde eg vel studert i nærare tjue år, seier den eldre Sandvik.

Bjørn prøvde å slå eit slag for at sonen skulle studere realfag, men etter ein bachelor i interkulturell forståing, byrja òg sonen å studere økonomi.

– Då eg var liten var økonom det siste eg skulle bli. Men så innsåg eg at for å oppnå det eg vil, er økonomi ein del av ferdigheitene eg måtte lære, seier Rasmus.

Bjørn innrømmer at han hadde vorte overraska om Rasmus ikkje hadde studert.

– Det hadde for så vidt vore greitt, så lenge han hadde fått til noko utan høgare utdanning, seier han.

Far og son er samde i at sjansen for at superskarpe folk ikkje tek utdanning no er relativt liten.

– Eg trur at det fram til 1960 var meir fleire grenser for kven som fekk ta utdanning, men etter det har det vorte meir ope, seier Bjørn.

Han er usikker på kor sterke barrierane for å ta høgare utdanning er:

– Det å flytte seg éit trinn oppover er ikkje så vanskeleg, meiner Bjørn.

Mykje mobilitet
Korsnes kan stadfeste at mange flyttar på seg i det sosiale hierarkiet.

– Dei aller fleste av oss, ikring 80 prosent, hamnar ein annan stad i det sosiale hierarkiet enn foreldra våre. Det er ikkje spesielt for Noreg. Men dette er såkalla «kortdistansemobilitet», som vil seie at ein berre flyttar seg eit lite steg opp eller ned.

Sjansen for å ta høgare utdanning er likevel sterkt knytta til utdanningsnivået til foreldre. Korsnes presenterer to hovudforklaringer på ulikskapen.

– Utdanningssystemet er ikkje verdinøytralt. Middelklasseverdiar blir dyrka i skulevesenet, og born av velutdanna middelklasseforeldre tener på å kjenne kodane for «rett» oppførsel, seier sosiologen.

Det har òg mykje å seie kva for ei innstilling ein har:

– Dei som tek det som sjølvsagt at dei lukkast, gjer òg ofte det, seier Korsnes.

Den andre forklaringa legg hovudvekta på den skeive fordelinga av kulturell kapital, og korleis denne påverkar både motivasjon for utdanningsval og høva for å lukkast i systemet.

– Ei av årsakene til at mange ikkje tek høgare utdanning er rett og slett fordi ein ikkje har eit ynskje om det. Ikkje alle ser på utdanning som «vegen til det gode livet».

Likskapsideal
Korsnes meiner det er ei generell oppfatting i det norske samfunnet om at vi lever i eit egalitært samfunn, og at det er ein del objektive faktorar som peikar i den retninga.

– Vi har til dømes inga historie med eit rikt borgarskap, og vi har ein relativt flat lønsstruktur.

Far og son Sandvik stadfestar Korsnes´ teori:

– Dei fleste i Noreg har godt med pengar. Eg trur ikkje utdanning definerer klasse lenger. Det er mange som tener godt, og det heng ikkje klart saman med utdanningnivået. Eg trur at klasse handlar meir om kultur enn økonomi, seier Rasmus.

Noreg peikar seg ut med at store delar av nordmenn har ei oppfatting om at ein er plassert i midten av hierarkiet.

– Desse sterke førestellingane kan føre til at å seie at dette biletet ikkje stemmer blir som å banne i kyrkja, seier Korsnes.

Rasmus bekymrar seg lite for økonomien.

– Eg trur at eg kjem til å tene nok pengar uansett, så det er heller klassisk sjølvrealisering som driv meg. Så er det jo veldig fint at sjølvrealiseringsbehovet mitt fell saman med behova til samfunnet, seier han.

Fire professorar om utdanning
Kjell G. Salvanes, professor i samfunnsøkonomi ved Noregs Handelshøgskule:

– Foreldra mine hadde folkeskulen. Det er rimeleg tilfeldig at eg vart professor. Eg likte å lese og gjorde det bra på skulen. På den tida vart universitet og høgskular bygd ut, og mange fleire fekk høvet til å ta høgare utdanning. Dette hadde mykje å seie for folk som kom frå landsbygda og hadde foreldre utan høgare utdanning. Eg vart ein del av denne utdanningseksplosjonen.

Johan Giertsen, professor i rettsvitskap ved Universitet i Bergen:

– Faren min er jurist, såg eg vart tidleg interessert. Eg avgjorde meg for jusstudiet allereie på barneskulen. Det virkte alltid veldig spennede. Då eg byrja hadde eg ingen tankar om bli professor, men eg trivest veldig godt ved universitetet. Det er veldig typisk at juristar har juristforeldre, og eg stemmer nok godt overeins med sosiologiske teoriar: Mine to døtrer studerer òg juss.

Thorolf Krüger, professor i utdanningsvitskap ved Høgskulen i Bergen

– Mor var sjukepleiar og far var lektor på realskulen den tida, som hadde ei veldig sentral rolle i samfunnet. Sjølv om eg vaks opp på ein veldig liten stad, med i underkant av 1000 innbyggjarar, hugsar eg skulen som ein internasjonal arena. Det profesjonelle livet mitt vart nok forma av det. Eg kan godt vere med på trua på at visse strukturar pregar vala vi tek.

Anne Gro Vea Salvanes, professor i biologi ved Universitetet i Bergen

– Mora mi gjekk på gymnaset og far min var fiskar. Eg hadde nokre veldig gode lærarar, spesielt mattelæreren min på ungdomsskulen og biologilæraren min på gymnaset. Det var nok nysgjerrigheit på naturfag som gjorde at eg heldt fram. Mora mi motiverte meg då eg gjekk på gymnaset og var oppteke av at om ein først byrja på noko, så måtte ein fullføre, sjølv om ein i periodar var litt lei. Det at far min var fiskar har nok hatt ein påverknad sidan eg no jobbar med marine fag.

Les saka i Studvest her!