– Norsk epleproduksjon i bølgjedal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein bølgjedal

– Norsk epleproduksjon er nede i ein alvorleg bølgjedal. Aldri i moderne tid har areal, produksjon eller tal epleprodusentar vore så lågt som i dag, seier Jan Meland.

Han har vore prosjektleiar for prosjektet «Økt konkurransekraft i norsk produksjon av epletrær», som har gått føre seg i perioden 2008 til 2011. Sagaplant AS har leidd prosjektet med deltaking frå Gartnerhallen, Fjeld Hagebruk, Graminor og Bioforsk.

Ti prosent av totalen
Statens landbruksforvaltning fortel at fleire epleprodusentar satsar innovativt og dyrkar meir intensivt med større plantetettleik og kortare omløpstid på plantefelta. Likevel viser tal frå fruktlagerinspektøren at den organiserte omsetnaden av norskproduserte eple berre utgjer rundt ti prosent av totalforbruket av eple blant norske forbrukarar.

– Skal norsk epleproduksjon overleve og halde fram med produksjons- og skjermingsstøtte på dagens nivå, må fruktdyrkarane fornye hagane sine gjennom satsing på produksjonsplanlegging, marknadstilpassa sortar og utplanting av produksjonsklare tre i intensive plantesystem, seier Meland, som ventar auka etterspurnad etter norskproduserte eple framover.

Han seier det difor har vore viktig å få meir kunnskap om produksjon av grunnstammar og ferdige epletre.

Betra produksjonskvalitet
Hovudmålet i prosjektet har vore å få til betre produktkvalitet og kostnadseffektivitet i produksjonen av epletre her til lands.

Det vert peikt på at verken kvaliteten eller mengda av norskproduserte grunnstammer og epletre har vore tilfredsstillande dei seinare åra. Det har ført til eit vesentleg etterslep i ryddinga og fornyinga av produksjonsfelta hjå norske fruktdyrkarar.
Sagaplant-prosjektet har mellom anna tatt føre seg ulike alternative teknikkar for stiklingsformeiring av grunnstammer. Prosjektet har ført til ein auke på nærare 70 prosent for grunnstammar og 50 prosent for epletre samanlikna med perioden før prosjektstart. Denne auken gjeld for dei samarbeidande partane Sagaplant, Fjeld Hagebruk og Reiersøl Planteskole.

Trengst plantemateriale
Statssekretær Harald Oskar Buttedahø (Sp) i Landbruks- og matdepartementet seier marknaden ropar etter meir norsk frukt. Han viser til at regjeringa i Landbruks- og matmeldinga har sagt at dei vil leggje til rette for auka norsk matproduksjon dei neste 20 åra.

– Norske fruktdyrkarar har behov for å utnytte denne moglegheita i marknaden, og skal dei lykkast, er det naudsynt å få fart på fornyinga, moderniseringa og utvidinga av frukthagane her i landet. Til det trengst det store mengder plantemateriale av god kvalitet, seier Buttedahl.

Han seier det er ei ekstra utfordring at marknaden ynskjer meir norsk frukt no med ein gong.

– Formeiringa av plantemateriale må difor skje raskt. Prosjektet i regi av Sagaplant er eit positivt bidrag. Det peiker på store svakheiter og gode forbetringsmoglegheiter for norsk produksjon av frukttre. Det er ei utfordring å skaffe store nok mengder og god nok kvalitet på norskproduserte grunnstammer og tre. Her må norske planteprodusentar bli mykje betre på kort tid for å henge med i den auka konkurransen som kan kome, seier statssekretæren. (©NPK)