Tunkatten Lurivar i ny nettdrakt
Ivar Aasen-tunet har fornya nettstaden til tunkatten Lurivar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sidan opninga i 2006 har nettstaden Tunkatten.no vore svært populær blant borna. Sida skal formidle nynorsk språk og litteratur til born i alderen 5– 10 år på ein aktiviserande måte. Nettstaden er i dag aktivt i bruk hos både barnehagar og skular.
– Mengda av innhald på nettstaden har vakse kraftig og ei opprydding og omstrukturering var nødvendig. I utviklinga av den nye nettstaden har vi først og fremst lagt vekt på å gjere nettstaden enklare å bruke for borna, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.
På den nye nettstaden er det mellom anna eit heilt nytt spel, og fleire nye innslag vil kome etter kvart. (©NPK)