Navarsete vil ha bustadinnspel frå folk flest
– No vil eg høyre kva folk flest meiner må til for at dei skal bu trygt og godt, seier statsråd Liv Signe Navarsete.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I samband om ei ny stortingsmelding om bustadpolitikken, har kommunalministeren fått mange innspel frå ulike aktørar i bustadmarknaden. No vil Navarsete gjerne vite kva folk flest meiner er ein god bustad.
– Eg ønskjer også historier om korleis folk kom seg inn på bustadmarknaden. Nokon har kanskje kreative løysingar andre kan lære av. Eg er også interessert i kva erfaringar folk har med leigemarknaden, seier Navarsete.
Innspela kan ein kome med på nettstaden blogg.regjeringen.no/boliginnspill. (©NPK)