Desse var mest kreative

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Faktaboks

Både førsteklassa og andreklassen ved Etne vgs imponerte juryen med sine kreative evner. Helene Kaldheim i førsteklassa hadde laga ein kalender, og juryen skrytte både av fotografia og det grafiske arbeidet. Andreklassingane gjekk til topps med artikkelen om narkotika i lokalmiljøet i tekstkategorien. Artikkelen vart laga som ein del av samarbeid med Grannar, signert ungdomsredaksjonen «Ured». Juryen la vekt på at artikkelen var velskriven, god og hadde brei kjeldebruk.
 
I tillegg vann Ruben Voster frå Lundeneset tredjeplassen i foto for VG2, med eit stemningsbilete av ein båt.
 
Det er første gong alle medieelevane i distriktet deltek i konkurransen. Konkurransen hadde bidrag i klassane lyd, film, foto, grafisk og tekst.
 
Leikte journalistar
Lærar til andreklassingane i Etne, Hanne R. Rosseland, er hoppande glad på vegne av elevane sine. Ho er stolt av at vesle Etne har klart å utmerka seg i heile distriktet.
 
– Dette er utruleg kjekt og motiverande for både meg og elevane! Dei får bekrefta at det dei er flinke til det dei driver på med og at skulen ikkje heng etter alle andre. Ikkje akkurat noko uting no rett før eksamen å få styrka sjølvkjensla litt, seier ho og legg til at førsteklassingane på skulen også får sjå kva dei kan strekke seg etter når dei sjølv går i andreklasse på medielinja.
 
«Ured»-prosjektet var ei lærerik oppleving for klassa. Den vanlege klassestrukturen vart løyst opp og rollene som journalistar, fotografar og researcharar vart delt ut.
 
– Narkotika er eit tema som opptar dei, ikkje minst på grunn av at rusmiljøet lokalt har vekse dei siste åra. Klassa ønskte å sette seg inn i problematikken og sette det på dagsorden gjennom artikkelen. Det var veldig kjekt at dei fekk prøve seg i Grannar. Til å begynne med var det skummelt å ringe til framande personar og stille spørsmål, men dei måtte berre hoppa i det og lærte mykje av det, fortel Rosseland.

Les saka i Grannar!