Betre i matte med nynorsk?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakgrunnen for undersøkinga er at elevar frå Sogn og Fjordane gjer det svært godt på nasjonale prøvar og eksamenar. Språkforskar Øystein Vangsnes har ein teori om kvifor:

– Den type språkstimulering som elevane i Sogn og Fjordane får, kan vera ei årsak til at dei har forbetra evne til læring, seier han til NRK.

Han trur det er kan vera ein fordel å vera tospråklege å læra nynorsk heime og bokmål i storsamfunnet.

– Dei blir flinkare til å skifta fokus og flinkare til å halda seg til skiftande føresetnader for det dei held på med, seier han.

Gjennom forskingsprosjektet «Lærande regionar» skal han prøva å finna ut om det stemmer. Målet er å få fram kunnskap som kan koma andre til gode.

– Når vi ser at elevar frå Sogn og Fjordane lukkast betre enn mange andre, så må vi prøva å forstå kva faktorar det er som påverkar dette. Dette må vi gjera for å læra noko av det, slik at elevar til dømes i Nord-Trøndelag og Aust-Agder kan få like gode resultat som våre elevar, seier utdanningsdirektør Åslaug Krogsæter hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. (©NPK)

Kva trur du? Kan språkopplæring hjelpa på evna til å læra andre fag?