Studentar må ut med 400 kroner for eit 30-dagars kort til kollektivtransport.

Nora Lindtner /Studvest
Nora Lindtner /Studvest
Faktaboks

STUDENTPRISAR FOR 30-DAGARS KORT

  • Bergen: 400 kroner
  • Oslo 380 kroner
  • Stavanger: 375 kroner
  • Trondheim: 360 kroner
LES FAKTALUKK FAKTA

Kristian Wederhus er student og er avhengig av å ta buss fleire gonger om dagen.

– Billettprisane tilsvarar ikkje tilbodet, og er skammeleg høge med tanke på kor lite studentar har å rutte med, seier han.

Han meiner dei grunnleggjande utgiftene studentar har, som leige, straum og pensumbøker, gjer at 400 kroner i månad for transport blir for høgt. Prisen for 30-dagars kort for studentar burde ikkje vere høgare enn 300 kroner, meiner han.

Dyrare enn Oslo
Av dei største byane i Noreg, er det Bergen som har dyrast tilbod til studentar. Wederhus er overraska over at sjølv ikkje Oslo har ein høgare pris.

Camilla Lundberg Berntzen, kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, forklarar at studentprisen på PeriodeSkyss for 30 dagar kjem av at studentar får 40 prosent rabatt av prisen for vaksne. Dette er tilsvarande prinsipp i mellom anna Oslo og Trondheim. Årsaka til at studentprisane er lågare i desse byane er fordi dei òg har lågare pris for vaksne.

– Kvifor taksta er høgare i Bergen er vanskeleg å seie, seier Rolf Rosenlund, seksjonsleiar for samferdsel i Hordaland kommune. Han forklarar at billettprisane ikkje er opp til Skyss å fastleggje, men at dei er eit resultat av ei politisk vurdering som blir teke i kvart fylke.

Les òg: Her får russen gratis tog og buss

Ein god start
Audun Kjørstad, ledar for Velferdstinget, er ikkje overraska over prisforskjellene mellom byane.

– Bergen har alltid lege langt bak når det gjeld kollektivtransport, seier han.

Det var ikkje før i fjor at Velferdstinget fekk gjennom 30 kroner studentrabatt på flybussen og ei auke i aldersgrensa for studentkortet frå 30 til 33 år. Kjørstad meiner dette syner at fylkeskommunen har teke steg i rett retning, men at dei enno ikkje er i mål. I år vil Velferdstinget jobba for at studentar skal få betale same pris som ungdom under 20, fjerne aldersgrensa på studentkortet og få 50 prosent studentrabatt på flybussen.

Les saka i Studvest!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE