Nynorskentusiast har blitt rastlaus

Atten år gamle Johanne Nyborg vil gje ut eit nynorsk magasin for jamaldrande.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Johanne Nyborg frå Sandane i Gloppen kommune går i dag andre året på media og kommunikasjon. Ho kan fortelje at ideen om å lage eit nynorsk magasin kom til ho då dei på skulen lagde eit magasin for den lokale filmfestivalen Ofilm i november i fjor:

– Eg blei veldig inspirert og fekk lyst til å prøve å lage noko sånt sjølv.

Det er ennå ikkje sett ein endeleg dato for når magasinet vil vera til sals, men Nyborg seier at ho satsar på å ha det ute på vårparten eingong.

– No begynner ting å kome på plass, og det er utruleg kjekt, kan ho fortelja.

Fem ulike bloggar

Nyborg har alltid vore glad i å dele av seg sjølv og starta å blogga i 9. klasse. Gjennom åra har ho i alt hatt fem ulike bloggar, men i dag er ho å finne på domenet himmelseng.blogg.no. Her legg ho ut bilde, i tillegg til små tekstar og kort om kva som skjer i livet hennar.

– Eg likar òg å finne skattar både på internett og i film- og musikkverda, som eg då deler med lesarane mine.

Bloggen hennar har vore ein viktig pådrivar i arbeidet, og det er også her ho har kome i kontakt med lesarar som har hjelpt ho med magasinet.

– Folk, og då spesielt blogglesarane mine, har heile tida vore veldig støttande og hjelpsame.

 Lengsel etter å kome ut i verda

Tittelen på magasinet er Rastlaus, og innhaldet skal knytast til dette temaet.

– Det kjem til å handle om lengsel etter å komme seg ut i verda; oppleve, erfare, etter å uttrykkje seg sjølv og sine meiningar og synspunkt, om draumar og framtidsplanar og om å vere modig og redd samstundes.

Målgruppa for magasinet er jenter i alderen 15-25 år, då ho aller helst vil skriva for unge på sin eigen alder.

– Eg håpar at magasinet vil inspirere lesaren, eg vil at ein skal kjenne seg igjen i orda og i bileta, og at ein skal sitte igjen med ei bra kjensle etter å ha snudd den siste sida, fortel Nyborg.

Ikkje spørsmål om målform 

For Johanne Nyborg har det aldri vore noko spørsmål om kva målform ho skulle skrive på og håpar at ho gjennom magasinet kan få fleire unge til å opne auge for nynorsken.

– Eg håpar og trur at når nynorsken blir presentert på ein mindre formell måte enn i skulestova, så er den lettare å like. På nett trur eg nynorske bloggar blir sett på som noko litt spesielt – men veldig fint, slik eg oppfattar det. Eg har ikkje fått ei einaste klage på at eg skriv på nynorsk i heile mitt ”lange” bloggliv.

Vidare fortel ho at har inntrykk av at veldig mange unge i dag er fullstendig uinteresserte i å lære nynorsken å kjenne, men at ho trur at dersom fleire massemedium hadde hatt innslag av nynorsk så hadde det vore lettare å fått eit betre forhold til målforma.

 Manglar berre det finansielle

Om alt går etter planen vil Nyborg kome ut med fleire nummer etterkvart.

– Eg har tenkt litt på å lage eit nummer per årstid, noko som då altså gjer dette til vårnummeret. Så får vi sjå korleis det blir til sommaren, om dette er noko eg vil fortsetje med.

Enn så lenge arbeidar ho iherdig med å få ut det første nummeret som vil vera å få kjøpt på bloggen hennar.

– Nå arbeider eg berre med å få det finansielle på plass så er me klare til å gje det ut, avsluttar ho.

LES SAKA I MAGASINETT!