Diabetes med kvit ris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Harvard School of Public Health har undersøkt fire typar ris som er assosiert med type 2-diabetes. Dei har blant anna sett på om menneske i Asia er meir utsett enn menneske i Vesten. Studien involverer til saman 350.000 menneske, skriv tidsskrifta Diabetes.

I dei mest folkerike landa i verda er ris ein sentral del av kosthaldet. Til dømes i Kina et folk i snitt fire porsjonar ris om dagen.

Det er kvit ris som det blir ete mest av, og denne risen har høg glykemisk indeks (GI). Det tyder at risen gjev rask blodsukkerstiging og er dermed assosiert med auka risiko for type 2-diabetes. Studien visar at dess meir ris ein eit, dess høgare er risikoen. Dette gjeld for innbyggjarar både i Asia og i Vesten.

Brun ris inneheld fiber, magnesium og vitamin, som gjev lågare risiko for diabetes. (©NPK)

Les òg: Vi stappar ikkje i oss sterk mat