Til hausten blir det høve til å starte på landets fyrste politikarstudie ved Høgskulen i Telemark.

Tone Tveit, VTB.no
Tone Tveit, VTB.no

 

Målet er å rekruttere lokalpolitikarar og inspirere dei som alt er politisk engasjert.

– For to år sidan kom ideen om å starte ein politikarskule frå Ole Dalen som er prosjektleiar for «Politiker 2020». Så tok Vest-Telemarkrådet tak i saka, fortel regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes.

Torsdag kunne Heggenes, Dalen, regionordførar Torstein Tveito og prosjektleiar for Politikarskulen ved Høgskulen i Telemark (HIT), Anette Staaland, presentere planane for det nye nettbasera studiet som startar på HIT komande haust.

– Kurset gjev ei innføring i ulike sider av praktisk politisk verksemd på det kommunale plan. Kurset er utvikla gjennom samarbeid mellom Institutt for kultur- og humanistiske fag ved HIT og Politiker 2020, eit tverrpolitisk prosjekt starta av lokalpolitikarar i Telemark, fortel Staaland.

– Telemark fylkeskommune og alle dei politiske partia i Telemark har også støtta prosjektet, og då Norgesuniversitetet gjekk inn med ein million kroner til pilotprosjektet var det mogleg å realisere studieplanane, seier Staaland.

Nyttig 
Det nye studiet vil ein kunne kombinere med vanleg jobb, og Heggenes rosar Høgskulen for at dei har kome fram til ei god løysing for studiet.

– Me treng fleire politikarar, og politikk er noko som gjeld alle, er dei samde om.

– Kven er målgruppa til politikarskulen?

– Studiet er retta mot alle som har interesse for politikk og vil vere med å påverke lokale og kommunale vedtak. Men me ynskjer også deltakarar frå etablerte lokalpolitikarar som ynskjer seg eit betre fagleg grunnlag for å ta effektivt del i den politiske debatten, seier Staaland.

– Dette kan vere ein ny veg å gå for å engasjere folk med i politikken, seier Dalen.

– Eg meiner dette er eit flott tilbod til unge i utdanningsløpet og vaksne som ynskjer eit avbrekk. Studiet kan kanskje føre til at du er meir attraktiv i jobbsamanheng, til dømes innanfor ingeniør- og entreprenørbransjen, seier Tveito.

– Studiet gjev 15 studiepoeng og kan godt gå inn i ein bachelorgrad, seier Staaland.

Ulike tema 
Gjennom studiet blir det lagt opp til to samlingar i kvart semester i tillegg til nettbasert undervisning.

– Studiet blir bygd opp med fleire temakomponentar, fortel Staaland.

I løpet av årsstudiet vil deltakarane innom historisk bakgrunn av det politiske liv, politisk kunnskap, kommuneøkonomi, mediehandtering, forhandlings- og diskusjonsteknikkar, politikaren i arbeid, etikk og moral i kommunepolitikken og politikk og likestilling, mangfald og tilgang.

Fleire forelesarar er knytt til studiet, og arbeidet vil gå føre seg både individuelt og i grupper.

– Det blir også munnlege og skriftlege oppgåver, og deltakarane får individuell oppfølging før dei avsluttar studiet med ein skriftleg eksamen, opplyser Staaland.

– Det genuine med faget er at ein ikkje kan lese seg til lokalpolitikk. Me trur ikkje me gjev så mykje ny kunnskap, men me har sett studiet saman på ein ny måte, meiner Dalen.

– Om folk ynskjer meir informasjon om studiet kan dei ta kontakt med meg. Det blir høve til å søke om plass ved Politikarskulen frå 1. mai, og søknadsfristen er 31. mai. Eg trur det blir stor interesse for studiet, sidan me alt har vore i kontakt med interesserte, så meld dykk tidleg, oppmodar Staaland. 

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE