Restaurantane vil ha kopplam

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kopplam, det tredje og fjerde lammet som blir født av søya, er blitt ei ny delikatesse.

Mange bønder ser det på som eit problem at søyene får fleire enn to lam, men ein sauebonde på Stange har tatt mål av seg til å utnytte kopplamma.

– Før var det ganske vanleg å slå i hel det tredje og fjerde lammet. Det synest eg er for gale. Det er ein ressurs og det er mat. Eg synest vi skal prøve å ta vare på maten vi har og gjere det beste ut av det, forklarer Odd-Arne Westgaard til NRK.

Ved å ta ut lam tre og fire blir også både dei attverande lamma og mora spart for mykje stress.

Vanleg sau gir gjerne sauebøndene ein kilopris på 45 kroner, men koppelamma er mykje betre butikk. Viss dei får lamma opp i 30 kilo før jonsok kan dei få 60– 70 kroner per kilo for lamma.

– Vi har funne ut at det er ei god investering og restaurantane står i kø for å få kjøpt dette frå slakteriet, seier Westgaard. (©NPK)

Les òg: – Kan tredobla inntekta på sau