Ho skal leie Språkåret

Inger Johanne Sæterbakk (30) frå Orkanger er tilsett som prosjektleiar i Språkåret 2013.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ei spennande oppgåve som eg gler meg til å ta fatt på, seier Inger Johanne Sæterbakk. Ho skreiv sin første tekst på nynorsk i Ivar Aasen-året 1996, og har sidan knytt den språklege identiteten sin til nynorsk skriftspråk og nordnorsk dialekt..

Ho er no informasjonsrådgivar i Tromsø kommune og har brei bakgrunn frå både arbeidsliv og frivillig kulturliv.

2013 blir eit nasjonalt språkår

– Sæterbakk er eit prosjektmenneske av rette sorten for det intense drivet som kjem til å prege Språkåret, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

På oppdrag frå Kulturdepartementet har Nynorsk kultursentrum utvikla prosjektplan for 2013 som eit nasjonalt språkår. Målet er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret.

Speiding og kommunikasjon
Ho tok musikklinja ved Orkdal videregående skole i 2000 og teaterlinja ved Romerike folkehøgskole i 2001, har kulturhistorie og mellomfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og historie frå Høgskulen i Volda.

Sæterbakk var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter 2004–2005, journalist i NRK Troms og Finnmark og i NRK P2 Kulturnytt 2005–2008, og marknads- og informasjonskonsulent ved Hålogaland Teater 2008–2011. Ho er aktiv i Norges Speiderforbund og har vore med på å arrangere fleire store speidarleirar.

Prosjektsekretær neste
Om kort tid lyser Nynorsk kultursentrum ut endå ei stilling for Språkåret. – Vi treng ein prosjektsekretær som har lyst til å vere med og gjere noko ingen har gjort før, seier Ottar Grepstad.

Les òg: 14 millionar ekstra til nynorsktiltak