Frå Bøndenes hus til Bislett

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har aldri vore nokon rein bondeorganisasjon, sjølv om vi nok har støtta bøndenes interesse. Så det er nok ein av mytane, fortel dagleg leiar i Bondeungdomslaget i Oslo(BUL), Kari Bøyum.

Dei er altså ikkje bønder. Dei heng ikkje alltid på Kaffistova i raud anorakk. Dei drøymer meir om gode friidrettsresultat, enn om livet på bygda. BUL har halde stand i meir enn 100 år og er like opptekne av sosiale fellesskap, som bondeungdommane i 1899.

Bondefolk
– Dei som kom flyttande frå bygdene ved førre århundreskifte, var nok per definisjon bønder. Dei hadde andre talemål og andre interesse. Så då skipa nokre av desse bondestudentane BUL, for å skape ein samlingsplass i Oslo, forklarar Bøyum.

Dei ville styrke bøndenes vørdnad, og dei ville lyfte fram dialektar, nynorsk, folkekultur og idrettsglede. I 1913 fekk dei si eige storstove – Bøndenes Hus, der Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husflid er i full drift.

– Huset vårt er enormt viktig. Inntektene frå det, gjer at vi kan halde så høgt nivå på alle aktivitetane våre, held Bøyum fram.

Stort og kjekt
Med 700 medlemmer, er BUL det største lokallaget i både Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.

– Målsaka er ein av grunnpilarane våre, men langt frå alle medlemmane våre er nynorskbrukarar. Vi er og ein alkoholfri organisasjon, sjølv om folk på ingen måte treng vera del av fråhaldsrørsla, held Bøyum fram. For bondeungdommane som skipa laget, dei var opptekne av det sunne – frå verdiar til det fysiske.

Det er fleire år sidan sist BUL hang opp plakat på Blindern for å hanke inn bondeungdommar i byen.

– Folk melder seg inn i BUL for å drive med ein aktivitet dei tykkjer er kjekk. Barnelaget driv aktivt rekruttering og har populære kurs og aktivitetar, som har trekt mange nye born inn i laget dei siste åra. Idrottslaget er kjent for gode resultat og eit høgt nivå. I Leikarringen, Songlaget og

Teaterlaget, handlar det mykje om kjennskap og vennskap, forklarer Bøyum.

Namnebyte
Særlaga i BUL vart skipa tidleg i historia åt laget. Eit av dei var Spellaget, som vart forløpar til Det Norske Teateret. Frå starten var Hulda Garborg eldsjel. Sidan har mellom anna Robert Stoltenberg vore med, og dei har skifta namn til Teaterlaget.

Men dei held framleis til i den ærverdige Teatersalen i Bøndenes Hus. Då Framtida gløtta innom, var det konsentrasjonsøvingar og førebuingar til vårens premiere – ”Panikk i kulissene” av Fredrik Elfstad.

– Det er ikkje så mange amatørteatergruppe å velje mellom, så BUL er eit strålande alternativ, fortel skodespelarane. Dei kjem frå heile landet – Sogn, Tromsø, Telemark, og har ulikt forhold til nynorsken.

– Eg tykkjer det fantastisk med teater på nynorsk og dialekt, fortel Torill Lund Born. Ho kjem frå Oslo, og har vore med i Teaterlaget i 35 år.  

Genialt
Det er prosess, kulisse og læring på kvar øving, men det viktigaste er å stå på scenen.

– Det går nesten aldri bra på generalprøven, men så får vi det alltid til på premieren. Og så er jo responsen frå publikum heilt fantastisk, held skodespelarane fram.  

Dei jobbar hardt og siste veka før premiere, bur dei nesten i Teatersalen – slik vert det sterke band av.

– Vi går veldig godt saman og utviklar nesten eit internt språk, så det sosiale er heilt genialt, avsluttar Marie Nicolaisen, som er leiar Teaterlaget.

Prestere
– Det var bøndene som snakkar nynorsk som starta BUL, og det er jo veldig fint for oss. Det var ein av kommentarane på Bislett. Her trener nemleg dei mange friidrettsgruppene. Med sterke resultat og godt ry i Friidrettsforbundet, er Idrottslaget det største særlaget i BUL.

– Vi valde BUL fordi dei er best, fortel ungdommane i tights og lette sko. Dei satsar, og har drive med friidrett i mange år allereie.

Trenar Unni Helland har vore i Idrottslaget i 30 år. Ho valde BUL då ho kom til Oslo frå Grue i Hedmark.

– Dei var langt framme når det kom til jenteidrett, og så var det jo eit naturleg val for ei jente frå landet, seier ho.

– Noko av det fantastiske med friidrett, er at det er meir enn ei grein. Og så likar vi at det er berre dine eigne prestasjonar det kjem an på, dei kvilar ikkje på eit heilt lag. Men det aller beste er meistringa – pushe seg sjølv endå litt lenger, avsluttar ungdommane, før dei tøyer vidare.  

Utvikling
Leikarringen har øvingar ute i bydelane. ”Den mangfaldige scenen” med dans og teater for barn og ungdom, som kanskje elles ikkje vert plukka opp. Samarbeidsprosjekt med innvandrarorganisasjonar. BUL arbeider alltid med rekruttering.

– Vi vil alltid vera ein samlingsplass, og no er det kanskje andre gruppe enn bondeungdommane som treng det, fortel Kari Bøyum. Det går hand i hand med det tradisjonelle. For 17. mai feiring og festar er det framleis. Om nokre få meinte ting var betre før, melder ikkje folk seg ut av BUL.

– Framtida ser ganske lys ut, avsluttar leiaren.

Frå ei trening i BUL under Bislett.

Faktaboks

Bondeungdomslaget i Oslo(BUL)
–    Skipa 1899, av ein gjeng bondestudentar.
–    Om lag 700 betalande medlemmar.
–    Største lokallag i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag
–    Særlag som Idrottslaget, Teaterlaget, Songlaget, Leikarringen og Barnelaget.
–    Eig Bøndenes Hus, der Kaffistova, Heimen Husflid og Hotell Bondeheimen held til.