Transportbransjen med miljøkalkulator
Ein nyutvikla miljøkalkulator skal bidra til meir miljøvennleg transport. Kalkulatoren fortel i detalj kor mykje utslepp som er knytt til ulike måtar å frakta varer på.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne frakta slepp ut mest
– Vi reknar det som sannsynleg at etterspurnaden etter miljøvennleg transport vil bli stadig større i framtida. Dessutan er det mykje som tyder på at styresmaktene vil setja strengare miljøkrav til transport. Difor har vi valt å liggja i forkant av utviklinga, fortel leiar for klimautvalet til Logistikk og Transportbransjens Landsforbund, Ole Anders Hagen, i ei pressemelding.
Det er første gongen i historia at ein så omfattande miljøkalkulator er utvikla. Nyvinninga byggjer på det treårige forskingsprosjektet Grønn Godstransport, med deltakarar som Sintef, Tollpost Globe, CargoNet, Jernbaneverket, NLF og Statens vegvesen.
– Vi ønskjer å fortelja at vi i godsbransjen tek miljø på alvor. Vi veit at vi i mange samanhengar blir sett på som miljøverstingar, men varene skal fram, og både vi og kundane til bransjen ønskjer å gjera dette på mest miljøvennleg måte, seier Hagen.
Han fortel til dømes at Tollpost Globe kunne spart utslepp tilsvarande 4.000 bilar på eitt år viss jernbanen hadde fungert som godstransportmiddel.
Tanken er at miljøkalkulatoren etter kvart skal bli standard for korleis transportbransjen reknar ut utslepp. (©NPK)
Les òg: Ein av to vurderer miljøvenleg