Gratis prevensjon til unge kvinner

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då dette vart gjennomført som ei prøveordning i Tromsø og Hamar i 2009, vart færre gravide og færre tok abort, skriv Aftenposten.

I desse byane gjekk abortraten ned frå 27 per 1.000 til 15 per 1.000. Kvinner i Bodø og Porsgrunn var kontrollgruppe, og her gjekk ikkje abortraten ned. På bakgrunn av dette vart Helsedirektoratet bedt om å leggje fram ein rapport om funna.

I rapporten blir det tilrådd å innføre gratis prevensjon til alle kvinner opp til 24 år, og utan nedre aldersgrense for å fange opp dei yngste seksuelt aktive jentene. Det blir presisert at ein må inkludere langtidsverkande prevensjonsmetodar.

Direktoratet reknar med at det vil koste rundt 92 millionar kroner å gjennomføre ei slik ordning. I dag får jenter gratis p-piller til dei er 19 år.

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) fekk innstillinga like før helga. Kostnadene er rekna ut frå venta nedgang i utgifter til svangerskapsavbrot.

Kjersti Toppe (Sp) er skeptisk til forslaget og meiner det er eit paradoks at staten skal leggje til rette for prevensjon for kvinner som er i sin mest fruktbare alder, og i andre enden hjelpe eldre barnlause kvinner til å få barn. (©NPK)