Sosiale media endrar strukturar i samfunnet både internasjonalt og her heime.

mm

17 januar 2001 vart viktige bevis i rettsaka mot tidlegare president Joseph Estrada på Filippinene gjort ugyldige av lojale støttespelarar i parlamentet. To timar etter denne avgjerda hadde tusenvis av filippinarar samla seg på Epifanio de los Santos Avenue i Manila, hovudstaden i landet, for å protestere. Protesten vart arrangert hovudsakleg av tekstmeldinger som "Go 2 EDSA. Wear blk." På nokre dagar var det ein million menneske i den viktige hovudgata som lamma trafikken i byen.

– Evna til å koordinere ein slik massiv og snøgg respons – nesten sju millionar tekstmeldingar vart sendt den veka – alarmerte lovgjevarane I landet nok til at dei reverserte avgjerda og godtok bevisa i rettsaka.

Estradas lagnad var forsegla, han var borte 3 dagar etter. Dette markerte den første gongen sosiale media hadde vore ansvarlege for å ha tvinga ut ein nasjonal leiar. Estrada sjølv skulda på "tekstmeldingsgenerasjonen" for fallet sitt, skriv Clay Shirky i Foreign Affairs.

Sidan dette har det vore eit vanleg syn i mange land i verda, mellom anna i den arabiske våren.

– Eg trur på konseptet at media er den fjerde statsmakta og eit viktig element i systemet med «checks and balances» i landet vårt. Men nokon gonger overser media viktige saker som denne. Vi kan prise oss lukkelege for at Facebook, Twitter og andre sosiale media kan fungere som talerøyr for vanlege folk som vil hindre at urettferd blir, skriv Mari Fagel i Huffington Post  etter at den mørkhuda amerikanaren Trayvon Martin nyleg vart uskuldig drepen av ein mann i Florida i USA som tok lova i eigne hender utan at politiet greip inn eller at tradisjonelle media varsla om saka til å byrje med.

Les òg: Facebook viktigare enn å treffe vener

Nytt hierarki
Konsekvensar av sosiale media endrar gamle strukturar i heile samfunnet. Forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning, Bernard Enjolras, meiner at makthøva i det offentlege blir endra som følgje av digitale media.

– Det har funne stad ein demokratisering av informasjonsproduksjonen, fleire deltek. Kommunikasjon gjennom massemedia sentralisert og krev store investeringar, medan internett gjer det mogleg for millionar av individ å produsere informasjon, seier Enjolras.

Les òg: Meir samanvovne enn rekna med

Ei lita verd
Sosiale media koblar individ gjennom digitale nettverk. «Small world-effekta» er resultatet av ein nettverksstruktur der personar er lenka til grupper med vener som òg er lenka til andre. Når individ er kobla gjennom eit nettverk kan dei påverke åtferda og beslutningane til kvarandre.

– Informasjonskaskadar er ein slik sosial prosess. Ei individuell haldning kan få eit kollektivt utfall ved hjelp av nettverk. Mange sosiale fenomen, som mote eller spreiing av nye teknologiar, finn stad på denne måten, seier Enjolras.

Han legg fokus på at sosiale media er godt eigna for informasjonskaskadar fordi brukarar lett kan observere kva venene deira formidlar og spreie informasjon vidare i nettverka sine.       

Hierarkisk system
I Noreg finst det eit klart hierarkisk system på internett. Enjolras ser at tradisjonelle media som Aftenposten og NRK framleis har mest å seie, men at sosiale medium som Facebook får stadig meir å seie.

– Dei organisasjonane og individa som er mest synlege i digitale nettverk utgjer dei nye elitane og har stor påverknad på sosiale media.

Les òg: Er internett `verkeleg`?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE