Trente smaksdommarar klarte i ein blindtest ikkje å smake forskjell på egg frå burhøns, frittgåande høner og økologiske egg.

NPK-NTB
NPK-NTB

(NPK): Egg frå frittgåande høner, burhøns og økologiske egg kan ha sine fordeler og ulemper, men smak er ikkje ein av dei. Det er derimot farge.

I ein blindtest har tolv trente sensoriske dommarar i matforskingsinstituttet Nofima smakt seg gjennom 15 variantar av hønseegg som finst tilgjengeleg i butikkar på Austlandet. Produsentane har bidrege med egga til testen, som Nofima sjølv tok initiativ til. Dei sensoriske dommarane har karakterisert lukt, smak og utsjånad.

Dei 15 eggvariantane som var med i testen kom frå frittgåande høns, økologiske høns og burhøns.

Egga vart bedømt på ein skala frå 1 til 9 for alle eigenskapar innan lukt, smak og utsjånad, og egga var romtempererte då dei vart vurderte, slik at dei smakte mest mogleg.

Berre fargen var ulik
Smaksdommarane fann få sensoriske forskjellar mellom egga. Det var ingen lukt- eller smaksforskjellar.

Det var fargen på eggeplommene som klart skilte egga frå kvarandre. Alle egga som utmerkte seg på farge kom frå frittgåande høner, og desse eggeplommene hadde ein kraftigare oransje farge.

I motsetning til egg frå frittgåande høns, hadde økologiske egg bleikast plomme. Egg frå burhøns låg midt i mellom frittgåande og økologiske egg på farge. (©NPK)

Les òg: Kunsten å koke ett egg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE