Regjeringa foreslår produksjonstilskot eller pressestøtte også til digitale utgjevingar. Tidlegare har denne ordninga vore bunden til papiraviser.

NPK-NTB-Pål Mathisen
NPK-NTB-Pål Mathisen

– Vi meiner det er behov for å modernisere pressestøtta vi har i dag, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Produksjonsstøtta i dag til dagsaviser er ei papirbasert støtteordning retta mot vanskelegstilte aviser og aviser med små opplag.

– I dag taper aviser som tek imot produksjonstilskot på at lesarane vel nettutgåva framfor papirutgåva. Vi ser at den papirbaserte støtteordninga motverkar innovasjon og utvikling av digitale produkt i verksemder som får støtte. I ei tid der avisopplaget går ned, må vi ha ei mediestøtte som legg til rette for dette, seier Huitfeldt.

Forslaget om endring av produksjonsstøtte for dagsaviser er eit ledd i oppfølginga av Slettholm-utvalets utgreiing.

– Framtidsretta ordning
Mediebedriftenes Landsforening (MBL) meiner det er positivt at Kulturdepartementet foreslår ei framtidsretta ordning for produksjonstilskot til aviser, der tilskot ikkje lenger blir knytt opp til utgjeving på papir.

– Produksjonstilskotet er eit viktig verkemiddel for å halde oppe og sikre avismangfaldet. Med denne ordninga tek ein pressestøtta inn i medierøynda slik den er i dag, seier Randi S. Øgrey, administrerande direktør i MBL.

Av omsyn til dei berørte avisene er det viktig at gjennomføringa skjer frå neste år, meiner MBL.

To omleggingar
I forslaget frå regjeringa er det først og fremst kvalifikasjonskrav og fordelingskriterium som blir røyrde.

Kvalifikasjonskrava blir endra slik at det ikkje lenger blir stilt krav til at støttemottakarane må gi ut papiravis, og dermed opnar ein også for medium som utelukkande blir publisert på internett.

Forslaga til fordelingskriterium inneber at ein tek omsyn til digitale utgjevingar ved utrekning av støtte. Det betyr at alle publiseringsplattformer blir trekt inn i utrekninga av opplag og tal på utgjevingar, og ikkje berre publisering på papir.

I tillegg foreslår departementet enkelte mindre endringar, mellom anna å presisere formålet med ordninga og tydeleggjere kva for innhalds- og formålskrav ordninga er meint å gjelde for. (©NPK)

Les òg: Folk tek media med ei klype salt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE