Er du kritisk til om det Framtida og andre medier skriv er sant eller ikkje? Du er ikkje åleine.

NPK-NTB
NPK-NTB

Berre 14 prosent av publikum har stor tiltru til norske medium, medan 43 prosent av norske journalistar har det same. Svenskane er aller mest skeptiske i Skandinavia.

Ifølgje ei undersøking frå Nordiske Mediedager seier heile 44 prosent av nabofolket vårt at dei har mindre eller inga tiltru til svenske medium, medan 2 prosent har stor tiltru. I Danmark har 8 prosent av sjåarane, lyttarane og lesarane stor tru på det media publiserer.

Publikum i dei tre nordiske landa har i det store og heile større tru på radio og TV enn trykte medium.

For journalistar er dette motsett, dei trur mest på det som står i avisene. Begge gruppene er temmeleg skeptiske til nettmedia. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE