Vil ikkje berre vera til pynt i FN

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje vera til pynt i FN

– Ordninga med å sende ungdomsdelegatar til FN er ei svært viktig ordning for å sikre barn og unge rett til påverknad i saker som gjeld dei. Men denne ordninga står og fell på at desse delegatane faktisk får vere med på å påverke i praksis. Sånn som ordninga fungerer i dag, står vi i fare for at delegatane i praksis berre blir ungdomsalibi utan reell påverknad, seier Gunhild Grande Stærk, leiar i LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar).
 
Ikkje reell påverknad
LNU lanserte i dag rapporten ”På verdas talarstol – ein rapport om den norske ungdomsdelegatordninga til FN”.

Rapporten syner at sjølv om norske styresmakter på papiret har mange gode formuleringar om kor viktig det er å inkludere ungdom, fungerer ikkje ordninga slik ho er meint i praksis. Delegatordninga er korkje stabil eller forutsigbar nok til å sikre dei som er velt som FN-delegatar naudsynte førebuingar og nettverksbygging, noko som er heilt grunnleggjande for å kunne ha reell sjanse for påverknad i FN-forhandlingar.
 
Miljødepartementet verst

Ifølgje rapporten er problema spesielt tydelege for ungdomsdelegatane som blir sendt til klimaforhandlingane (COP). Denne ordninga er administrert av Miljøverndepartementet.

I rapporten blir samarbeidet skildra med Miljøverndepartementet som vanskeleg og uforutsigbart. Ungdomsdelegatane har vore nøydde til å vente svært lenge på å få bekrefta finansiering av opphaldet, og dermed gått glipp av verdifull førebuingstid og nettverksbygging. Delegatane uttrykkjer òg ønskje om fleire sjansar til å gje innspel til norske posisjonar. Ifølgje rapporten er delegatordninga heller ikkje tilstrekkeleg anerkjent i Miljøverndepartementet.
 
– LNU krev ei fullfinansiert og stabil finansiering av ungdomsdelegatar til FN-fora generelt og klimaforhandlingane spesielt. Dei ungdomsdelegatane LNU vel ut kvart år til ulike FN-fora er svært kvalifiserte, kunnskapsrike og motiverte organisasjonsungdommar. Om vi skal halde fram med å stille opp med høgt kvalifiserte ungdomsdelegatar, krev vi at dei òg får reell påverknad og at dei ikkje berre blir nytta som ungdomsalibi. Vi utfordrar den nye miljøvernministeren Bård Vegard Solhjell til å ordne opp, seier LNU-leiar Grande Stærk.

LES OGSÅ: – Det er framtida vår det handlar om

Etterlyser felles køyrereglar
Politisk rådgiver for utviklingsministeren, Arvinn Eikeland Gadgil, etterlyser for klarare køyrereglar for ungdomsdelegatordninga, som kan gjelde for alle departementer.

– Det har vore ein frustrasjon at vi har hatt for liten tid i forkant med ungdomsdelegatane. I FN blir tekstar lagt fram lenge før sjølve møta. Eg vil difor utfordre LNU til å foreslå endå meir konkrete køyrereglar for kva vi skal gjere, og korleis vi skal forhalde oss til ungdomsdelegatane i ein årssyklus, sa Gadgil i eit lanseringsmøte hjå LNU.

Han nytta samstundes høvet til å skryte av ungdomsinnsatsen under klimaforhandlingane i Durban.

Paneldiskusjon om FN-delegatordninga: Frå venstre: Kari-Anne Isaksen (tidligare ungdomsdelegat til COP for LNU), Gunhild Grande Stærk (leiar i LNU), Kjell Ingolf Ropstad (stortingsrepresentant KrF) og Arvinn Eikeland Gadgil (politisk rådgjevar for utviklingsministeren.) Foto: Marit Aspaas/LNU