Farleg fråfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På byrjinga av 90-talet fortsatte heile 95 prosent av elevane frå grunnskulen til vidaregåande, og fem år seinare hadde 70 prosent fullført. I dag bruker 1 av 3 meir enn fem år på å fullføre vidaregåande, og 1 av 5 elevar fullfører ikkje den vidaregåande opplæringa i det heile. På laurdag kunne alle som var tilstades på Samfundsmøte i Storsalen høyre Bjarne Strøm og Håvard Tjora drøfte ulike problem rundt det store fråfallet i den vidaregåande utdanninga.

Skattesnyltarar
Ifølgje professor i samfunnsøkonomi, Bjarne Strøm, er dei som droppar ut større forbrukarar av både dagpengar, attføring, sosialhjelp og uføretrygd. I tillegg er dei oftare fengselsfuglar, og hamnar jamnt over dårlegare ut i livet samanlikna med dei som fullfører vidaregåande.

– Dei som ikkje fullfører gjer det dårlegare på alle område. Dei får lågare inntekt, høgare trygdeforbruk og er oftare innblanda i kriminalitet, seier Strøm. Likevel veljer nokon å gå rett ut i jobb framfor å bruke mange år på utdanning.

– I periodar med høg arbeidsløyse blir kostnadane ved å velje utdanning framfor jobb høge. Nokre gongar er det lommeboka som får bestemme, seier Strøm.

Les òg: Fleire unge mottek sosialhjelp.

Grunnlaget
Strøm meiner det som skjer i grunnskulen legg grunnlaget for den vidare utdanninga, og at dei som har dårlege karakterar frå ungdomsskulen ofte slit meir med å fullføre vidaregåande enn andre. Han legg også til at barn med foreldre som har høgare utdanning har større sjanse for å fullføre skulegongen.

– Foreldre med høgare utdanning har ofte betre føresetnad for å hjelpe barna sine med lekser enn dei utan, difor kan problema lett gå i arv dersom dei ikkje blir fulgt opp ordentleg på skulen, seier Strøm.

Les òg: – Ikkje lat elevane falle!

Kompliserte lærebøker
Pedagogen Håvard Tjora som er kjent frå TV Norge serien «Blanke Ark» meiner store delar av problema ligg i for kompliserte lærebøker, og fryktar ei for stor akademisering av skulane.

– Heile 20 prosent av oss les for dårleg etter endt skulegong, men berre 2-5 prosent har dysleksi. Sjølv om læring gjennom lesing fungerer for mange betyr det ikkje at det fungerer for alle, seier Tjora.

Han kaller dei som les dårleg for funksjonelle dyslektikarar.

– Dei funksjonelle dyslektikarane klarer å lese, men klarer ikkje like lett å forstå kva dei les, seier Tjora.

Normalt å slite
Tjora meiner det er heilt normalt å slite med eit fag, eit tema eller noko anna minst ein gong i løpet av skulegongen.

– Eg sleit med både tysk og kjemi sjølv, men var heldig som hadde ein særs tysk- og kjemiinteressert pappa, seier Tjora.

Han er bekymra for at lærarar set for mykje lit til foreldra.

– Ein kan ikkje forvente at foreldra skal lære elevane alt me ikkje klarer. Då kunne me berre sendt dei heim med bøker og sagt «farvel då, snakkast om ti år til eksamen», seier Tjora.

Tjora har ingen umiddelbar løysing på fråfallet i den vidaregåande skulen, men trur at enkle tiltak som kursing av lærarane og liknande kan verke forebyggande.

– Ved den skulen eg jobbar på har me sendt mange lærarar på kurs, noko som har vist seg svært nyttig, og det har ikkje kosta oss noko ekstra, seier Tjora.

Les saka i Under Dusken her!