Ein ny app skal hjelpe dei som slit med å finne nett det rette ordet.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Har du kjent blandinga av lukter på ei vestlandsferje og prøvd å finne ord for å beskrive den? Eller manglar du ord for å beskrive naboen sine ungar? spør Lesesenteret ved Universitet i Stavanger i ei pressemelding.

Kanskje er det ordet gjæslingan du leitar etter når naboborna ringer på døra. Kjell Inge Torgersen og Per Henning Uppstad har laga Appen Or – for deg som ikkje finn ord til bruk i slike samanhengar.

LES OGSÅ: Her er første App´en frå Samlaget

Dei har samla på stadnamn funne langs norske vegar der det finst mange skilt med namn som gir assosiasjonar. Torgersen og Uppstad såg at det var mange ord som kunne gi namn på alle dei opplevingane, kjenslene og tinga som dei før ikkje har hatt ord for, og som tek lang tid å forklare.

No har dei samla slike ord i ein eigen app, som vert lansert av Lesesenteret ved Universitet i Stavanger. Appen har ein sosial del der alle kan sende inn forslag til nye ord. Ein søknad om å få orda godkjende til bruk i Wordfeud er allereie sendt.

LES OGSÅ: Knuser alle i Wordfeud

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE