Dårleg luft vil drepa millionar kvart år

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke rapporterte Framtida.no at tusenårsmålet til FN om reint vatn er nådd. 88 prosent av alle menneske i verda har no tilgang til reint drikkevatn.

No viser ein ny rapport frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) at om ikkje noko blir gjort for å redusera den veksande forureininga, så vil dårleg luft ta livet av 3,6 millionar menneske i året verda over i 2050.

Krev grønare industri
– Grønare verdiskaping kan hjelpa styresmaktene å takla dei veksande utfordringane. Grønare landbruk og industri og sparetiltak for vatn og energi vil vera kritisk for å kunne møta behova til ni milliardar menneske i 2050, seier generalsekretær i OECD, Angel Gurría i ei pressemelding.

Trass finanskrisa ser verdsøkonomien ut til å firedoblast innan 2050, noko som vil auke forureininga kraftig. Om ikkje noko blir gjort med dette blir kostnadane kolossale.

Energibehovet i 2050 ser ut til å bli 80 prosent høgre enn i dag, noko som kan leie til ei 50 prosent auke i klimagassar globalt og gjer luftforureininga verre. Det ser ut til at luftforureininga i byane kan bli den viktigaste dødsårsaka i 2050, langt over mangel på reint vatn og sanitære problem. Ei dobling frå dagens nivå på 3,6 millionar døde årleg globalt er ikkje utenkjeleg, og mesteparten vil finne stad i India og Kina. Sidan innbyggjarane i OECD-landa er såpass gamle og urbaniserte, vil likevel tala her liggje nær India sine.

Vassmangel trugar landbruket
Behovet for vatn vil auke med 55 prosent, hovudsakleg på grunn av auka produksjon. 2,3 milliardar meir enn i dag, over 40 prosent, vil bu i område som får mykje vassmangel, særleg i Afrika og Sør/Sentral-Asia.

– Vi har allereie sett at fiske kan collapse av overfiske, med stor påverknad på kystsamfunn, og vassmangel er eit stort trugsmål mot landbruket. Desse enorme miljøutfordringane kan ikkje vurderast enkeltvis, men saman med andre globale utfordringar som mat- og energitryggleik og redusere talet på fattige, seier Gurría.

Les òg: Hva for framtid ønsker vi oss?

Moglege løysingar
For å hindre ei slik framtid tilrår rapporten mange ulike løysingar, som å bruke miljøskattar og utsleppskvotehandel for å gjere forureining meir kostbart enn dei grøne alternativa, å setje monetær verdi på naturressursar og tenester vi får av økosystemet som rein luft og vatn, fjerne subsidiering av miljøfarleg produksjon og støtte forsking på miljøvennlege alternativ.

Kitakyushu i Japan er eit eksempel på ein by som tek problema alvorleg, dei har involvert bedriftene som opererer i byen og svært moderne miljøvennleg teknologi for å skape ein «grøn by» som kan vekse utan å auke forureining, eller vekst med lågt karbonutslepp.

Les òg: – Berre klin til!

Sjå og liste over 12 enkle ting du kan gjere for a redusere karbonavtrykket ditt i faktaboksen til høgre.

Faktaboks

Slå av lys, fjernsyn, video, stereo og pc når du ikkje brukar dei, dei kan bruke 10 to 40 prosent av elektrisiteten dei brukar elles når dei er på standby. Og ta ut ladarar når dei ikkje ladar opp ting.

Fyll kjelen kun med det du treng, ikkje meir.

Ikkje let kjøleskapsdøra stå open for lenge.

Rett luftttrykk i dekka kan ofte auke drivstoffeffektiviteten til bilen din.

Bruk tyvesker når du handlar og unngå produkt med for mykje plastikk.

Bruk kjølege klede og vifte i staden for air condition.

Gjer ærenda dine samla. Gå, bruk sykkel, buss eller del bilen med andre.

Du vil konsumere opp mot 25 prosent mindre drivstoff om du ikkje køyrer kjappare enn 90 kilometer i timen.

Ein hybridbil eller ein annan drivstoffeffektiv bil har lågare karbonutslepp.

Erstatt gamle lyspærar med CFL-pærer. Desse kostar tre til fem gonger så mykje som dei gamle, men brukar mindre enn ein tredjedel så mykje energi. Bytt ut andre apparat med meir energieffektive utgåver.

Vel mat som er produsert nær der du bur.

Bruk gamle produkt så lenge du kan.

Kjelde: www.12simplethings.org/