Kvinnene motbeviser kjønnsmytene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Motbeviser kjønnsmytene

Eli-Trine Svorstøl og Sandra Mari Rommetveit studerer til byggingeniør ved Høgskulen i Bergen (HiB).

– Eg valde ingeniør fordi eg ville ha ein trygg jobb med god løn, seier Rommetveit.

Jentene er einige om at ingeniørstudia var eit svært bevisst val frå båe to. Dei forklarar at dei fleste jentene i klassen har vakse opp med minst ein forelder med interessere for realfag. Dei meiner at engasjerte foreldre kan vere ein påverkande faktor ved val av studie.

Både Rommetveit og Svorstøl har opplevd å få reaksjonar frå andre grunna studievalet sitt.

– Alle trur vi er bioingeniørar, ikkje byggingeniørar. Folk reagerer på at vi faktisk likar matte. Dei blir imponerte, og litt overraska, fortel dei.

Les òg: Vurderer verneplikt for kvinner.

Mange jenter
Kvifor trur de at det er flest gutar som veljer dette studiet?

– Mange trur nok at det er veldig vanskeleg å bli ingeniør, men ein er berre nøydd til å jobbe jamnt og trutt gjennom semestra, seier Svorstøl.

Rommetveit er einig.

– Det har «alltid» vore gutar som har valt realfag på vidaregåande og vorte ingeniørar, og det er kan hende vanskeleg å bryte ut av den tradisjonen. Det er ikkje berre dei flinkaste gutane som veljer ingeniørstudiet.

Jentene har ikkje opplevd fordommar på grunn av kjønn på studiet.

– I vår klasse er vi ein tredjedel jenter, så vi er jo eigentleg ganske mange. Det kjem dessutan stadig fleire dyktige jenter inn i ingeniørbransjen, så på sikt trur eg ikkje kjønn vil utgjere noko skilnad, seier Svorstøl.

Rommetveit fortel at der ho var i praksis var det fem kvinner på heile anleggsplassen. Ho tek det som ei personleg utfordring å vere like god som dei mannlege arbeidarane.

– Så lenge ein er blid og syner at ein kan «ta i et tak» på lik line med gutane, ordnar det seg, konstaterar Rommetveit.

Les òg: Fleire vil jobbe i politiet

Attraktiv sjukepleiar
Kjetil Drønen er ein av dei få gutane som studerar sjukepleie ved HiB. Han studerte ingeniør i eitt og eit halvt år, men syntest det vart for keisamt.

– Eg valde sjukepleiarstudiet fordi eg likar veldig godt å jobbe med menneske. I tillegg har det alltid vore ein gutedraum å fly helikopter, så eg håpar å kunne fly luftambulanse ein dag, fortel han.

Drønen fortel at han absolutt ikkje har følt seg oppfordra til å velje eit fag som er typisk for kvinner, og poengterar at det var eit sjølvstendig val han tok.

– Eg har eigentleg aldri sett noko til noko freistnad på å rekruttere gutar til sjukepleien, seier han.

Videre fortel Drønen at han kun har fått positive reaksjonar på studievalet sitt. Han føler ofte at han blir favorisert som mannleg sjukepleiar framfor å oppleve negative fordommar.

– Eg har til no vore i praksis på tre ulike stadar, og på alle stadane har eg hatt svært positive opplevingar. Eg opplever at mannlege sjukepleiarar er svært ettertrakta, fortel han.

Drønen trur at hovudårsaka til at så få gutar veljer sjukepleiaryrket er tradisjon. Personleg er han ikkje einig i at yrket passar best for kvinner.

– Eg vil ikkje seie at sjukepleiar eigentleg bør vere eit typisk kvinneyrke. Det er ofte fysisk tungt arbeid, gjer han klart.

Problem i Noreg
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet (KD), Kyrre Lekve, innrømmer at kjønnsfordelinga er eit problem som krev ekstra merksemd no og i framtida.

– Vi har historisk sett ein veldig kjønnsdelt arbeidsmarknad i Noreg. På mange område har vi kome lenger, men dette er eit gjenståande problem.

Lekve fortel at ein i tradisjonelle mannsdominerte utdanningar har sett ei svært stor betring.

– Vi ser til dømes at over halvparten av søkjarane til NTNU i Trondheim er kvinner. Samstundes ser vi ein tendens til at dei kvinnedominerte yrka enno har aukande kvinneprosent, seier han.

No skal KD freiste å rekruttere fleire menn til dei typisk kvinnedominerte utdanningsretningane.

– Vi har ikkje sett oss konkrete mål, men vi meiner at båe kjønn bør vere godt representert i alle studie. Dette aukar kvaliteten både ved utdanninga og ved yrket seinare, seier han.

Lekve peikar på at KD den siste tida har hatt haldningskampanjar om menn i barnehagar.

– Slike endringar tek lang tid. Ein må freiste å få haldningane meir «under huden» på folk. Vi har arbeidd mykje for å rekruttere kvinner til realfag, og vi ser i dag at dette har vore ein suksess, seier han.

– Makta ligg hjå fleirtalet
Kjønnsforskar Inger Elisabeth Haavet meiner at kjønnsfordelingen på studieretningene har veldig lange røter, og at det vil endrast med tida.

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor dette rollemønsteret kjem ifrå. Det er mange ulike kulturelle trekk som ligg i utviklinga av måten vi er på, forklarar ho.

Haavet trur at skilnadane vi ser mellom kjønn i dag kjem til å endrast ytterlegare.

– Eg trur skilnadane er i ferd med å sprekke opp meir, men det er ikkje lett å bli fullstendig kvitt ein slik tankegang. I dag har vi full valfridom, men likevel ser vi at det slår litt skeivt ut når ein veljer studier, seier ho.

Når ho blir spurt om kva som bør gjerast for å balansere ut skilnadane mellom kjønn på ulike studiar, er Haavet rask til å nemne løn som ein viktig faktor.

– Løn er viktig. Mange fleire ville valt sykepleiaryrket om det var betre løna enn det er i dag, påstår ho.

Haavet forklarar at makta ligg hjå fleirtalet, og at om eit kjønn dominerar i eit yrke vil dette kjønnet i prinsippet ha meir makt.

– Når ein sjef skal fordele arbeidsoppgåver er det lett å velje personar av same kjønn, forklarer ho.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

STATISTIKK FRÅ HIB

– Kun 13 prosent av studentane på helse- og sosialfag i 2010 var menn. Det er ein nedgang på 2,1 prosentpoeng sidan 2004.
– 30,4 prosent av studentane på ingeniørutdanninga i 2010 var kvinner, ei auke på 3,8 prosentpoeng sidan 2004.