Fleirtal for Høgre og sentrum

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV får berre 3,9 prosent oppslutnad i det siste partibarometeret til Aftenposten. Arbeidarpartiet, Venstre og Framstegspartiet går også tilbake på målinga, medan Høgre og Senterpartiet går mest fram.

Nettstaden PollofPolls samlar alle meiningsmålingane i Noreg, og oppgjev også kor mange mandat partia ville fått om det hadde vore stortingsval i dag.

Dei raud-grøne partia får til saman ikkje meir enn 70 mandat. Det betyr at Stoltenberg-regjeringa ville mangla 15 mandat for å få fleirtal på Stortinget om det var val.

Svakt Frp opnar for sentrum
Framstegspartiet ville heller ikkje ville gjort så godt val, med 11 prosent oppslutnad og 20 mandat.

Det gjer at Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti no får ei samla støtte tilsvarande 30 mandat. Saman med Høgre sine 59 mandat gjev dette reint fleirtal utan Framstegspartiet.

Leiar i Senterungdommen, Sandra Borch uttala til Framtida tidleg i vinter dette om eit mogleg Høgre-sentrum-samarbeid:

– Ja. Senterpartiet har alltid søkt etter makt, då det er då me har høve til å få gjennomslag for politikken vår. Me ligg i sentrum av norsk politikk, noko som gjer at me kan samarbeide begge vegane.