Liv Signe Navarsete (Sp) er no for stemmerett for 16-åringar, fortalde ho Ungdommens storting.

mm

To ungdommar frå kvart av dei 19 fylka i Noreg møtte tysdag i historias første Ungdommens storting.

Stemmerett for 16-åringar var eit heitt tema.

– Etter å ha reist rundt og møtt mange ungdommar, og sett korleis dei argumenterer for det dei er opptatt av, så må eg seia at eg har skifta meining, sa Liv Signe Navarsete.

Forsøket med stemmerett for 16-åringar i 20 kommunar sist haust er enno ikkje ferdig vurdert. Men kommunal- og regionalministeren er ikkje i tvil:

– Stemmerett for 16-åringar har vore ein suksess.

Lokale ekspertar
Ministeren med ansvar for både lokal- og stortingsval vedgår at ho tidlegare var mot stemmerett for 16-åringar. Men no har ho skifta meining om stemmerettsalderen i lokalval.

– Ungdom som er 16 år har ein mykje sterkare tilknyting til lokalkommunane enn 18-åringar og eldre ungdommar som flyttar på hybel, seier ho.

Erfaring med 16-årig stemmerettsalder i Austerrike og delstatar i Tyskland veit ein at 16-åringar er flinkare enn dei litt eldre til å nytta stemmeretten. Blant dei 16- og 17-åringane som fekk lov til å stemma i Noreg i haust, var det 58 prosent som nytta stemmeretten. Til samanlikning var det 46 prosent av dei mellom 18 og 21 år som nytta stemmeretten.

LES OGSÅ: – Meir enn ein Utøya-effekt

Det er likevel usikkert om det blir stemmerett for 16-åringar. Ifølgje Navarsete kan det tidlegast skje ved neste lokalval i 2015.

Navarsete seier til Framtida.no at ho sjølv må ta opp spørsmålet i eige parti. Sameleis er det venta at dei andre partia vil ta opp spørsmålet på landsmøta sine. Av partia på Stortinget er det i dag berre SV og Venstre som er tilhengjarar av stemmerett for 16-åringar.

Seinast i 2014 vil ein få svar på om det blir forsøk i endå fleire kommunar, allmenn stemmerett for alle 16-åringar i lokalval eller heilt slutt på dette.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav høgare valoppslutnad

– Veldig få snakkar ungdom si sak
Stortingsrepresentant Snorre Valen (SV) deltok òg på Ungdommens storting.

– De skal veta at me som er stortingsrepresentantar møter ganske mange folk i løpet av ei veke. Dei fleste av dei møter oss for å påverka oss i sakene dei arbeidar for. Av desse er det veldig få som snakkar ungdom si sak, fortalde han.

Valen meiner stemmerett for 16-åringar er viktig for å få fleire til å høyra på ungdom.

Delte meiningar
Blant ungdommen sjølv var det delte meiningar om stemmerettsalder:

– Skal ein ungdom som ikkje får drikka alkohol få lov til å stemma på kva alkoholpolitikk ein skal ha, og ein som ikkje har lappen få lov til å stemma over kor mykje ein skal bruka på vegar. Nei, det blir for dumt, sa Stephan Johansen frå Østfold.

– Det er ingen betre måte å læra om demokratiet enn å vera ein del av det sjølv, sa Edvard Bering frå Stavanger, som sjølv har deltatt i forsøket med stemmerett.

LES OGSÅ: Vil gje stemmerett til babyar

Skal undersøkja ungdomsråd
I ei undersøking frå 2010 var det berre 16 prosent av kommunane som sjølv meiner dei i stor grad høyrer på ungdom. Kring 20 prosent av kommunane var utan medverknadsorgan for barn og ungdom.

Representantane på Ungdommens storting var usamde om ungdomsråd bør lovfestast, slik eldreråd er det. Kommunal- og regionalministeren varsla at det kan bli aktuelt. Men først vil ho undersøkja om det er fleire kommunar no som har oppretta ungdomsråd.

– Alle kommunar må ta ungdomane sine med i avgjerdsprosessar. Barne- og ungdomsråd er ein mykje brukt måte, men kommunane må syte for at ungdomsrådet fungerar godt, seier Liv Signe Navarsete.

– Ungdomen si stemme skal bli høyrd meir enn i dag. Eg vil vere regjeringa sin garantist for at det skjer, avslutta ho.

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE