Barn kan ete seg smartare på rett feitt
Små barn treng feitt, og kan ete seg smartare på rett type, meiner hjerneforskar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan ete seg smart- are på rett feitt
Ei ny undersøking viser at fire av ti mødrer med barn i alderen 0– 2 år ikkje veit kva type feitt som sikrar barnet optimal utvikling. Hjernen utviklar seg raskt i dei to første leveåra, og rett feitt er viktig for denne utviklinga.
– Sørgjer foreldra for rett feittinntak kan barne ete seg smartare, seier professor og hjerneforskar Linda Bergersen ved Medisinsk fakultet i København. Ho rår foreldre til å styre unna transfeitt og metta animalsk feitt og satse på tran frå norsk torsk, mykje fersk fisk, grovt brød og grønsaker.